Damelagets vårsesong

Etter ein god og ferdigspelt vårsesong av damelaget er det no passeleg med ei oppsummering. Vi skal få høyre kva hovudtrenar Ronny Osnes har å sei etter den gode våren, og kva tankar og ambisjonar han gjer seg før spel i fylkesserien til hausten, og semifinala i Sunnmørsposten Cup.

For å oppsummere sesongen skal vi gå tilbake til mars månad. Damelaget starta sesongen sterkt i Sunnmørsposten Cup der dei tok 9/9 moglege poeng, og toppa gruppe si med Volda, Aksla/Guard, og Sykkylven. Laget sto med imponerande 16-1 i målforskjell etter vel gjennomført gruppespel. Neste runde i Sunnmørsposten Cup er semifinalane, der Hødd tek imot HaNo på Høddvoll onsdsag, 07.09! Medan den andre semifinala mellom Herd-Volda blir spelt dagen etterpå.

Etter eit godt gruppespel i Sunnmørsposten Cup var det en velfortent treningsleir i varmare strøk som sto for tur! Damelaget tok turen til Tyrkia for ei god treningsveke der dei blant anna fikk spelt mot Islandsk motstand i Einherji mfl kvk. Etter ei god treningsveke var det heim til Ulsteinvik og sesongstart.

Både Hano og Sykkylven ende dessverre opp med å trekke sine lag frå seriespelet denne sesongen, så det ende opp med ein seks lags serie beståande av Aafk Fortuna2, Hødd, Herd, Blindheim, Volda og Aksla/guard. I første runde av kvinnenes 3.divisjon tok Hødd imot Herd på det som blei eit kvitkledd Høddvoll, i ein kamp som ende med poengdeling og 1-1. Deretter gjekk turen til Blindheim, der ende det med 0-1 siger og tre poeng. Så var det årets avdelingsvinnar Aafk Fortuna2 som gjesta Høddvoll, og det ende med 0-2 til tangotrøyene som er einaste laget Hødd ikkje slo i årets vårsesong. Hødd ende sesongen med heile sju sigrar, ein uavgjort og to tape. Det betyr at laget avslutta vårsesongen på 2.plass med 22 poeng, foran Herd med sine 15 poeng, og bak Aafk Fortuna2 med 27 poeng. Det betyr at damene har mykje å sjå fram til når hausten kjem med både spel i fylkesserien og semifinale i Sunnmørsposten Cup.

Vi har tatt ein prat med trenar Ronny Osnes etter den positive våren for å høyre kva tankar han har gjort seg etter sikra spel i fylkesserien, og semifinale i Sunnmørsposten Cup!

Kva tenkjer du etter fullført vårsesongen?

- Vi har spelt i to konkurransearenaer. Seriespelet, men vi også spelt oss fram til semifinale i ny-oppstarta Sunnmørsposten Cup. Denne turneringa forsetter til høsten, der seminfinalen er mot HaNo. Den andre semifinalen blir oppgjer mellom Herd og Volda.

Målsettinga i serien var å kvalifisere oss til Fylkesserien til hausten. Det lykkast vi med, så dermed er den overordna prestasjonen noko vi er nøgde med. Vi står kampane mykje bedre denne sesongen, og eg tenker at det er kanskje hovudårsaka til at vi har avgjort jamne kampar – ofte siste kvarteret.

Kva er du mest fornøgd med, og kvar meinar du dokke har meir å hente?

- Repeterer det med å stå kampane ut: Det viser vi er bedre trent enn forrige sesong. Det viser at gruppa har ein sterk mentalitet. Vi er også meir truande i bakrommet, og samtidig i dei fleste kampane har vi vore flinke å bruke ballen og bearbeide motstandaren. Variasjonen mellom desse to er det vi må jobbe vidare med og bli råare på.

Vi har slept inn lite mål og også få sjansar i kampane, så det defensive i laget har vore meget bra.

Utenom det vil eg ta fram verdien av treningsleiren vi var på rett før sesongstart. Den trur eg har betydd mykje med tanke på å gjere gruppa sterkare og enda meir samansveisa, og vi fekk tatt kulturen i gruppa til eit nytt nivå. Samtidig fekk vi vere proffe ei veke og jobba godt også på feltet. Alt i alt en leir som traff blink.

Utviklinga til spelargruppa

- Vi har utvikla oss som lag, og spelarar har også tatt nye steg både på ferdigheiter, relasjonelt og taktisk. Så er det god spelarutvikling å vinne kampar, men også fått bryne oss på god motstand. Samtidig kan spelarane ta nye steg gjennom eigentrening og å bruke skuleøktene godt. Assistenten vår, Sebastian Løvoll, har hatt økter i skuletida og dette er også viktig med tanke på spelarutviklinga og ta nye steg på jentesida i Hødd.

Mål og ambisjonar for hausten

- Vi tenker ei naturleg målsetting vil vere å kjempe i toppen i Fylkesserien. Det blir heilt sikkert mange tøffe og jamne kampar i denne serien, så det gjeld å bruke kvar treningsøkt og vere klare til kvar kampen med energi og speleglede. Ein må vinne Fylkesserien for å få spele opprykkskamp mot vinnaren i 3. divisjon Trøndelag, så det er eit lite og tøft nålauge å kome gjennom. Men fullt mulig om i førebur oss godt og får kjempa marginane på vår side.

Eg tenker det vil også vere naturleg med eit ønske om å vinne Sunnmørsposten Cup. Vi er ikkje vande med bøtteløfting, så det hadde vore kult å ta denne med heim.

Og med det vil vi takke, og gratulere damelaget med ein vel gjenomført god vårsesong! og ønskje dei lykke til i semifinala mot HaNo og spel i fylkesserien til hausten!

Heia Hødd!  

Annonse: