Sommaraktivitet Hødd 2024

Det nærmar seg no fellesferie med stormskritt, men kva betyr det for fotball aktiviteten? Sommaren 2024 byr på mykje fotball. Både gjennom fotballskular og diverse cupar.

Treningsaktivitet 

A-lag herrer 

Herrelaget har siste kamp før ferien 13.juli heime mot Eik Tønsberg. Eik har like mange poeng som Hødd, men med ein litt dårligare målforskjell etter 12 runder. Før laget fra Tønsberg gjesta Høddvoll for siste kamp før ferien, skal dei fyst ta imot Viking2 på Høddvoll, Mandag 1.juli 17:00. og deretter ventar ein tur til Flekkerøy for ein kamp mot Fløy før Eik Tønsberg kjem på besøk. 

A-lag damer

Damelaget har dei siste dagane hatt flerie spennade spelerar frå krets og fylkeslag på hospitering med A-laget, og fått testa seg litt på nivået der.

Dei kjem til å forstsette med treningar til rundt 12.juli, og skal deretter ha ein liten ferie før dei tar fatt på semi finala i Sunnmørsposten Cup og spel i fylkesserien.

Rekrutt

Rekrutt laget er no inne i sin ferie, som har hatt ein krevande første del av sesongen i Norsk Tipping-Ligaen avd. 5. Første kamp etter ferien ventar ein tur til hovedstaden der Lokomotiv Oslo står på motsatt banehalvdel.

Aldersbestemt 

For alderbestemte lag vil det vareire litt korleis det blir med trening denne sommaren. Det er opp til trenera og laglederar på dei forskjellige laga å sørge for å anonnsere om/når det blir ei pause frå trening. Det er også mogleg at spelargrupper slår seg saman slik dei får gjenomført treninger med nokk utøverar.

Fotballskular 

Denne sommaren skal Hødd arangere to forskjellige fotballskular. Tine fotballskule og OBOS Camp. 

Tine fotballskule 

Måndag 24 juni starta Hødd fotball årets TINE fotballskule/sommarproff, den varte ut veke 26. Det blei avslutta med diplom og is til deltagerane. På Tine Fotballskule hadde vi omtrent 100 born i alderen 6-12år som møtte opp klokka 10.00 og var på Hødd fram til klokka 14.00 med fokus på fysisk aktivitet, kosthald, restitusjon, idrettsglede, meistring og fellesskap.

OBOS camp

Frå 12. - til 15. august skal vi arrangere OBOS camp her på Høddvoll. Det blir noko likt Tine Fotball skule der kompetente og engasjerte trenarar frå Møreakademiet og Hødd fotball ønskjer og bidra til ei fin avslutning på sommarferien.

Cupar 

Det blir fleire cupar for hødd laga å delta på denne somaren, men det klare høgdepunktet blir nok Norway Cup for dei aller fleste.

Lerum Cup 

Fotball sommaren er allereie godt i gong, fleire Hødd lag reiste til Sogndal for å delta på Lerum cup som var frå 21-24 juni, born og unge frå 7 – 14år var i Sogndal for sommarens første fotballeventyr!

For Hødd ende det med siger i G14 klassa. Dei vann semifinala 2-1 mot LOK, før dei slo til med ein 5-1 siger i finala mot Fagerens. Vi gratulerer G14 med ein god prestasjon i Lerum cup!

Sande Cup

Sande FK og Gjerdsvika skal denne helga gjenta fjorårets suksess, Sande Cup!

Sande Fk og Gjerdsvika inviterer til fotballfest med meir på Storøyra stadion. No til helga, 29. og 30. juni blir det Sande Cup igjen. Dei seks seniorlaga som er invitert til årets cup er dei same som fjorårets utgave med Sande, Bergsøy, Hødd, MTG, Ørsta og Vanylven. Samt som det blir Sande Cup-løpet, som er nytt for året. Det arrangerest på laurdag, før det heile avsluttast med ute dans og opptreden av Rocky Road. I fjorårets utgåve av Sande Cup stak Bergsøy av med sigeren etter finale mot Sande, medan Vanylven sikra seg bronsemedaljen i oppgjeret mot Hødd.

Laget som skal representere Hødd på Sande Cup er G19 laget vårt.

Norway Cup

27. juli til 3.august ventar verdens største fotballturnering for barn og unge fra 6-19år. Då reiser hundrevis av barn og unge fra Hødd, og elles i regionen til hovedstaden for å delta på Norway Cup. Der skal det forhåpentligvis skapast mange gode fotballminne. 

Annonse: