Bjørn har følgt Hødd sia 1970-sesongen

Bjørn Osnes er ein trufast Høddar og har også vore frivillig i klubben som vakt på kamparrangement i fleire år.

Han trur det vert vanskeleg mot Jerv til helga, men er sikker på at vi vinn dei to siste kampane av årets sesong.

Bjørn Osnes vaks opp berre nokre motbakkar frå Høddvoll og vart med faren på Hødd-kampar allereie i 1970 i gode gamle 1.divisjon. Då var Bjørn 6 år gammal og han vart dermed tidleg interessert i fotball. Og heilt frå den gongen har Hødd vore klubben i Bjørn sitt hjarte!

Bjørn ser dei fleste Hødd-kampane og synest Trace Murray, Daniel Notanes Brandal og Martin Håheim Elveseter har vore dei beste på årets mannskap.

- Det har vore ein heilt ny giv i laget i år med ein imponerande innsats og eg håper det går mot opprykk til OBOS-ligaen, seier Bjørn som truleg er på plass søndag ettermiddag.

Annonse: