Daniel: - Offensiv fotball passa meg veldig bra

Ein prat med Daniel Notanes Brandal før bortekampen mot Brann 2 måndag!

Daniel har gått gradene i Hødd-systemet og er ein av dei unge spelarane som har slått skikkeleg igjennom i årets sesong. Den hurtige angrepsspelaren har vore ein viktig brikke i det offensive spelet til laget og er ein spelar som kan skape trøbbel for dei fleste lag som møter Hødd.

Vi har derfor tatt oss ein prat med Daniel i forkant av bortekampen mot Brann 2 måndag!

Du har tatt store steg i årets sesong og etablert deg som ein viktig brikke i Hødd-laget. Korleis føler du sjølv det har gått?

- Årets sesong har vore veldig lærerik og eg føler det har gått veldig bra. Eg har det kjekt både på og utanfor bana med laget.

Det at Hødd spelar ein offensiv fotball passa vel deg også fint?

- Det at Hødd spelar ein offensiv fotball passa meg også veldig bra, og at vi spelar ein type fotball der eg kan få brukt mine ferdigheiter. Det er kjekt å spele fotball når vi står fram slik på bana.

Har du satt deg utviklingsmål på kva du ønsker å bli enda betre på i åra framover?

- Utviklingsmåla eg har satt for meg sjølv er å bli enda betre på det eg allereie er god på, og at eg må bli meir klinisk  og få meir målpoeng!

Måndag er det klart for bortekamp mot Brann 2, eit lag som Hødd tapte mot i andre serierunde heime på Høddvoll. Motivasjonen for å slå tilbake er vel stor?

- Motivasjonen for å slå Brann 2 er stor i heile gruppa! Vi gleda oss til kamp.

Kva tenker du blir viktig for å slå Brann 2 i neste kamp?

- Det som blir viktig for å slå Brann 2 er at vi spelar vårt spel som vi har trena på i heile år, ha masse energi ute på bana og stå saman som eit lag.

Vi ønsker Daniel og laget lukke til i bortekampen mot Brann 2!

Annonse: