#ejemed: Leif Gunnar var først ute

Leif Gunnar Brandal kjøpte seg sesongkort for første gong og var tidligast av alle då nysalet starta.

- Eg går på kvar kamp uansett, så no var det på tide å kjøpe seg sesongkort for første gong. Hødd er kanskje ikkje i den divisjonen vi ønskjer dei skal vere, men det er no supportarane må stille opp, seier Leif Gunnar. 

Nysalet av sesongkort er i gong, og Brandal var først ute av alle til å sikre seg fast stolsete på Høddvoll.

Kva tenkjer du om 2017-sesongen?

- Det blir ein spennande sesong. Vi skal opp, og då treng gutta all den støtte dei kan få frå publikum, meiner ein smørblid Brandal i det vi tek bilde av han saman med hovudtrenar Sindre Eid.

Kjøp sesongkort

Annonse fra Obos-ligaen: