Før kampen: Hødd - AaFK Fortuna 2

Etter ein god start på sesongen er det no klart for toppkamp mot AaFK Fortuna 2 på Høddvoll torsdag kveld! Kampstart kl. 18.30!

Hødd har fått ein god start på sesongen med fire av seks moglege poeng. I bortekampen mot Blindheim sist, tok laget årets første siger – det mot ein motstandar Hødd-laget sleit med å bryte ned i fjor. Det viser at laget er i utvikling og er klare for å gi AaFK Fortuna 2 skikkeleg kamp på Høddvoll torsdag kveld!

Vi har i dag tatt oss ein prat med Hødd-keeper Mille Viken og hovudtrenar Ronny Osnes i forkant av kampen mot AaFK Fortuna 2.

Mille har gjort sine saker bra, og haldt nullen i den tøffe bortekampen mot Blindheim sist. Fasit er 1 mål imot på to kampar, noko som er meir enn godkjend!

Mille er også tatt ut på keepersamling, der dei beste frå 2009 og 2010-kullet i Norge er tatt ut til ei samling på Olympiatoppen. Mille er 1 av 4 målvakter frå 2009-kullet i Norge som skal delta på samlinga i Mai. Vi kjem tilbake med ei eiga sak om keepersamlinga. Uansett vil vi gratulere Mille med uttaket!

Blindheim – Hødd 0-1

Etter nokre tøffe kampar mot Blindheim i fjor, som enda med tap i begge kampane i Fylkessluttspelet, så var det klart for ein revansje mot Blindheim i år og ein sterk siger på bortebane. Korleis var det å vinne borte mot Blindheim og samtidig halde nullen?

- Eg syns det var ein god siger mot Blindheim, der vi kjempa hardt og var gode til forsvare målet ut heile kampen, seier Mille.

Hødd tok tidleg leiinga borte mot Blindheim etter scoring av Sandra Gustavsen, og det var nok til å sikre sigeren og årets første 3 poeng i 3. divisjon. Eit sterkt resultat mot ein tøff motstandar. Korleis var kampen Ronny?

- Vi starta bra og scora tidleg, noko som sette godt klima for kampen vidare sjølvsagt. Det vart ein første omgang der spelet bølga mellom laga. Vi hadde nok ikkje ballen mest denne kampen, trur eg. Men vi skapte dei fleste og største sjansane kampen totalt sett. Dermed er vi ikkje i tvil om at det vart ein fortent siger til oss denne gongen, seier Ronny.

Ein strålande prestasjon mot Blindheim sist, og her ser vi laget som feira sigeren etter kampen! Målscorar i kampen var Sandra Gustavsen.
Ein strålande prestasjon mot Blindheim sist, og her ser vi laget som feira sigeren etter kampen! Målscorar i kampen var Sandra Gustavsen.

Hødd - AaFK Fortuna 2

No venta AaFK Fortuna 2 og årets andre heimekamp for året. AaFK Fortuna 2 er eit nyoppretta lag som har ambisjonar som Hødd om å kjempe om ein plass i Fylkessluttspelet til hausten. Etter to kampar toppar laget frå Ålesund 3. divisjon, men med siger kan damelaget passere dei på tabellen og sette seg sjølv i ein god posisjon.

Etter eit sterkt resultat sist mot Blindheim. Kva lærte ein av denne kampen og korleis blir inngangen til kampen mot AaFK Fortuna 2?

- Læringa er at vi ser viktigheita av å vere solide defensivt. Vi slepp til lite sjansar imot for tida. Det er viktig å ha det fundamentet med oss vidare. Offensivt viser vi at vi skaper mykje sjansar, og både mot Herd og Blindheim vinn vi sjansestatistikken. Herd rykka ned frå 2. divisjon førre sesong, medan Blindheim spelte opprykkskampar, så poeng og siger mot slike motstandarar viser kvalitet. Samstundes må vi klare å nullstille og skape prestasjonar i kamp etter kamp. Det er ingenting som kjem gratis!

- Spelargruppa er i god form og konkurransen internt er sterk. Vi har trena godt og også trena på nokre ting som kan hjelpe oss i enkelte fasar av kampane. Men alt i alt er vi godt førebudde til kamp, og kjempe om å ta dei tre poenga også i denne kampen. Vi har også spelarar som kan kome inn og sette sitt preg på kampen og vere avgjerande. Det blir ein spennande kamp å få med seg, så møt opp!, seier Ronny.

Kva kan du seie om motstandaren og kva møter Hødd-laget torsdag?

- Det er eit ungt lag som likar å ha ballen og spele seg framover. Eg tippar det vil vere ganske likt som i kampen med J19 i vinter, men då med eit lag som har spelt meir saman og utvikla seg i lag. Dei har scora mykje mål i seriekampane hittil, så det kan vere at vi får testa oss godt defensivt – men som nemnt har vi vore sterke defensivt og det skal vi fortsette å vere, seier Ronny.

Og målet er vel å tette igjen bakover, vere solide i forsvar og vinne kampen mot AaFK Fortuna 2?

- Ja, det er det som er målet, vi er solide defensivt, og vi må vere på skrudde heile kampen, å vinne duellane, seier Mille.

I utgangspunktet skulle Hødd møte Volda på Høddvoll neste onsdag. Etter oppsettet for herrelaget sin komande NM kamp mot AaFK vart klart, vil mest truleg den oppsette kampen mot Volda bli flytta til seinare på dag eller til ein annan dato. Vi kjem tilbake med meir informasjon når NFF, krets og klubbane har blitt einige om nytt kamptidspunkt.

18.04: Hødd – AaFK Fortuna 2
xx.xx: Hødd – Volda
08.05: Hødd – Aksla/Guard
 

Ein skikkeleg toppkamp mot AaFK Fortuna 2 venta torsdag, og her håpar vi folk stiller opp og støtta Hødd-damene i den viktige kampen.

Vi ønskjer laget lukke til i kampen mot AaFK Fortuna 2 torsdag!

Annonse: