Hødd gir flest speleminutt til unge spelarar

Viste du at Hødd er den klubben som har gitt flest speleminutt til unge spelarar i PostNord-ligaen avdeling 1 og 2?

Av klubbane i PostNord-ligaen avdeling 1 og 2 er Hødd heilt i toppen ved bruk av unge spelarar. Totalt 3190 speleminutt gir ein solid førsteplass til Hødd.

Resten av lista ser slik ut:
Hødd = 3190
Tromsdalen = 2743
Gjøvik-Lyn = 2717
FK Eik Tønsberg = 2620
Skeid = 2558
 
Dette talet er eksludert Martin Håheim-Elveseter som gjekk til Sarpsborg 08 i sommar. Talet ville derfor blitt mykje høgre om ham hadde vore med i oversikta her.
 
Ser vi isolert på enkeltspelarar er Eirik Blikstad nr. 2 på lista over dei fem spelarane i PostNord-ligaen som har flest minutt på bana.
*Tala er henta ut frå 1.-21. serierunde.

Hødd scora også bra på snittalderen i PostNord-ligaen avdeling 1, der Hødd har det fjerde yngste laget i avdelinga med ein snittalder på 22,95 år. Berre Brann 2, Viking 2 og Notodden kan vise til ein yngre snittalder. Til samanlikning har søndagens motstandar Jerv ein snittalder på 25,83 år. Gjennomsnittsalderen i avdelinga er på 23,58 år.

Det er ingen tvil om at Hødd har eit ungt og spanande lag som har tatt store steg i år, og eit lag som har eit stort potensial til å utvikle seg i åra framover.

Søndag skal denne unge og svoltne gjengen av kompisar ut å jakte opprykk, og treng all den støtte dei kan få i jakta på opprykk til OBOS-ligaen!

Har du ikkje sikra deg billett enda vil vi oppmode deg til å gjere dette her:

Kjøp kampbillett her

 

Bli med å heie fram det unge Hødd-laget søndag!

 

Annonse: