Marius før oppgjeret mot Jerv: - Vi gler oss enormt til kamp

Hødd-trenar Marius Bøe veit at mykje står på spel i helga, men han veit også at Hødd har tre matchballar til å avgjere kampen om opprykk. Til toppkampen mot Jerv er Marius krystallklar på forventningane.

- Vi gler oss enormt til ny kamp her heime på Høddvoll. Haustkamp, flomlys, Hødd hymna, den gode støtta frå «Blåsarane» og resten av publikum. Jerv er eit solid lag med mykje kvalitet og x-faktor. Dei har ein ringrev i Lars Bohinen som hovudtrenar. Men vi har eit godt bilde på styrker og svakheiter til dei gulkledde. Vi skal også vere godt førebudde, samtidig som at vi skal angripe kampen på vår måte. Det har vore vår store styrke i år. Først og fremst å ha fokus på oss sjølve, seier Hødd-sjefen.

Hødd har hatt ein fantastisk sesong til no og kva trur så Marius om innspurten?

- Ja, definitivt så har dette vore ein fantastisk sesong så langt. Det har vore mykje positivitet i nærmiljøet om det som har skjedd på Høddvoll denne sesongen. Vi har bygd vidare på den gode treningskulturen som er her i klubben. Det har vore relasjonsbygging med dei frivillige som gjer ein fantastisk jobb for klubben, supporterar, sponsorar, bedrifter og lokalsamfunnet. Hødd har spelt med unge og lokale spelarar, med spelarar som spelte 3.-divisjon i fjor og som har vore faste på A-laget i år. Denne gjengen har utvikla seg, og tatt store steg. Den same gjengen tok ny klubbrekord etter at laget vann 14 seriekampar på rad. No har vi tre matchballar igjen. Vi har stilt oss i en fantastisk posisjon. Det handlar om å vere oss sjølve, ha fokus på vårt spel, jakte den gode prestasjonen og å skape energi saman.

Støtte frå dei på tribunen er alltid viktig under kamp og Marius understrekar også kor avgjerande dette er.

- Eit entusiastisk Høddvoll-publikum vil gi oss ekstra energi. Vår tolvte mann på bana. Mi oppmoding er å gi spelarane den støtta dei fortener. Møt opp, ta med familiemedlemmer, kle dokke i blått og lag eit sirkus på tribunen. Framsnakk laget og bidra til ei avslutning på sesongen som alle ønsker. Heia Hødd.

Annonse: