
Norway Cup 2018
Her kan du lese deg opp om det meste før Norway Cup startar 28. juli!
Om Norway Cup
Norway Cup er verdas største fotballturnering for barn og unge. I 2016 var det rekordpåmelding med heile 2199 påmeldte lag.
Turneringa arrangerast kvart år i veke 30 og veke 31. Det er parade og opningsshow laurdag i veke 30 og dei fleste lag starta med kampar på søndagen i veke 30. Deretter blir det spelt cirka 6000 kampar i løpet av veka. Finalene blir spelt fredag og laurdag i veke 31.
Hødd har vore ein fast deltakar på Norway Cup i fleire år og er godt representert også under årets turnering.
Transport
Dei fleste vil nok reise til Oslo med foreldra, men for dei som reiser aleine, så er det greitt med ei oversikt over dei ulike transporttilboda som er tilgjengelig. Sjå derfor under for meir informasjon!
Ulsteinvik - Oslo – Ulsteinvik
Det er fleire måtar å kome seg frå Ulsteinvik til Oslo og tilbake. Dei fleste kjem seg nedover sjølve, men for dei som skal reise aleine, så går der buss og fly daglig til Oslo.
Buss

Strekninga Ulsteinvik – Stryn blir køyrt med dagavgangar i korrespondanse med buss til/frå Oslo. Nattavgangar Ulsteinvik – Oslo blir køyrt av dobbelt-dekkere med 64 seter der halve bussen i andre etasje har oppjustert komfort (plus) med seter i løysning 2 + 1.
På alle avgangane til Nettbuss er det plassgaranti og det vil bli satt opp ekstra buss om det er mange reisande.
Dagbussen har avgang frå Ulsteinvik kl. 10.15 og med ankomst kl. 20.30 Oslo bussterminal.
Nattbussen har avgang frå Ulsteinvik kl. 21.05 og med ankomst kl. 06.41 Oslo bussterminal.
Fly
Om man er tidlig ute er det også mulig å få kjøpt flybillettar til reduserte prisar hos dei aktuelle flyselskapa. Det kan derfor vere fornuftig å følgje med på nettsidene til Norwegian, SAS og Widerøe for tilbod.
Norwegian og SAS har daglige avgangar frå Vigra.
Widerøe har daglige avgangar frå Hovden.
For dei som nyttar seg av fly til Gardermoen, så er det mulig å ta buss eller flytog inn til Oslo bussterminal.
Transport i Oslo
Alle som har A-kort under Norway Cup vil ha fri transport med Ruter (buss, t-bane, trikk og øy båtane) innanfor Oslos grenser heile veka.
Her kan man kjøpe enkeltbillett, 24-timers billett og 7-dagersbillett.
Ettersom Hødd-laga i år bur på Rønningen Folkehøgskule, så vil nok dei fleste nytte seg av Ruter sin 7-dagersbillett. For dei som ønskjer vanleg A-kort, så er det mulig å få kjøpt A-kort på Ekebergsletta.
Innsjekking
Innsjekking skjer i Norway Cup/Bækkelagets Sportsklub sine lokalar. Her er det ein representant frå klubben som skal sjekke inn laga og ikkje kvar enkelt lagsleiar.
Innkvartering – overnatting
Hødd skal i år bu på Rønningen Folkehøgskule. Sjå kart under!

Vekeprogram
Parkering
Kampoppsett
Det kan kome endringar i kampoppsettet. Vi ber derfor om at alle lagsleiarar som reiser nedover følgjer med på Norway Cup sine heimesider for evt. endringar.
Turneringsreglement
Banekart






Norway Cup app
Vi anbefalar også alle om å laste ned årets Norway Cup app på mobil/ nettbrett. Her får du siste nytt, kampoppsett, oversikt over måltid og mykje meir.
IL Hødd Fotball ønskjer alle lag, trenarar, spelarar, foreldre og besteforeldre lykke til under årets Norway Cup!