Pressemelding

Robin Hjelmeseth og Robin Shroot inn, og Sondre Beite og Amani Dickson Mbedule ut av A-stallen i Hødd.

Det har vore hektisk aktivitet på spelarlogistikk sida siste dagane i Hødd, og to angrepsspelarar kjem no inn i stallen og to angrepsspelarar gir seg i Hødd. Dagleg leiar Kari Mette Sundgot seier Robin Hjelmeseth har takka ja til å kome heim til Hødd etter eit opphald i Elverum der han i 2016 og var med å sikre opprykk til OBOS-ligaen for Elverum. Og som allereie kjent, kjem Robin Shroot tilbake til Hødd frå ei utleigeperiode i vår til eliteserieklubben Viking. Samstundes med at dei to Robin-ane kjem inn, so har høvesvis Sondre Beite og Amani Dickson Mbedule valt å gå til andre klubbar no i overgangsvindauget i sommar.

Trenar Sindre Eid seier at han er glad for at vi no har fått inn to spelarar som har vist tidlegare at dei skorar mange mål, og ser fram til å få dei med i spelargruppa no i inngongen til haustsesongen.

Vi i klubben ønsker Robin Hjelmeseth og Robin Shroot velkomne tilbake til Hødd, og samstundes takkar vi Sondre Beite og Amani Dickson Mbedule for tida i Hødd og ønsker dei all lukke til i sine nye klubbar.

Eventuelle spørsmål kan rettast til A-trenar Sindre Eid på 957 08 212 eller styret sin mann på sport Andre Skotheim på 480 17 909.

Ulsteinvik 02.08.2017

Annonse: