Pressemelding: Tar tidleg grep for å sikre positiv drift

For å sikre sunn drift i Hødd Fotball, går deler av administrasjonen ut i permitteringar over ferien. Budsjettet for 2018 med ei for optimistisk inntektsside og ei ambisiøs kostnadsside, resulterer i at klubben tar tidleg grep for å sikre at utfordringane ikkje blir langvarige.

Dagleg leiar Oddmund Davik Otterlei, sportssjef André Nevstad og FFO- og medieansvarleg André Aurvåg Gardshol vert alle permitterte i 50%.

– Vi har valt å permittere deler av administrasjonen, og meiner dette er det mest riktige tiltaket på kort sikt for å sikre gode forutsetningar for den langsiktige drifta og dei sportslege resultata, seiar Oddmund Davik Otterlei, dagleg leiar i Hødd Fotball.

Sjølv om det vert ein krevjande periode for klubben så er dagleg leiar positiv til framtida.

– Heilt klart. Vi ser at vi har vært for optimistiske i årets budsjettering, men situasjonen er handterbar. Da hjelper det at stemninga i klubben i er god og at alle involverte parter er positive til å bidra, seier Otterlei.

Både dame- og herrelaget kjempar om opprykk, det skjer mykje spennande både på jente- og gutesida i Hødd Fotball, samstundes som klubben jobbar med andre aktivitetar for bygge eit godt samhald i Ulsteinvik og regionen rundt.

–Vi har mykje positivt å sjå fram til ilag, avsluttar Otterlei. 

For meir informasjon:

Oddmund Davik Otterlei
Dagleg leiar
Telefon 482 59 191
e-post [email protected]

Annonse: