PREVIEW: HØDD - BRYNE FK
Søndag er det klart for toppkamp i PostNord-ligaen avdeling 2. Dei ”blåkvite” tek imot Rogalandslaget Bryne til dyst på Høddvoll.
Etter ein solid siger borte mot Brattvåg sist, er det no klart for ny heimekamp i PostNord-ligaen når Bryne FK gjestar Høddvoll søndag. Kampstart kl .18.00!
Om Bryne FK
Bryne er inne i sin andre sesong av 2.divisjonsfotball, men dei høyrer eigentleg heime i dei to toppdivisjonane. Knut Ertesvåg sitt tidlegare lag hadde nemleg, før nedrykket i 2016, 45 samanhengande sesongar i dei to øvste divisjonane. Dei var på det øvste nivået i periodane 1976 – 1988 og 1999 – 2003. Bryne har også, som Hødd, ein kongepokal å vise til, i tillegg til to seriesølv. Dei er m.a.o. ein merittert klubb og høyrer definitivt ikkje heime på dette nivået. Bryne var ein av opprykksfavorittane førre sesong, og starta sesongen svært bra. Sesongens første tap kom faktisk ikkje før august, men då dei kun vann to av dei siste ti kampane, tok Notodden og Nest-Sotra seg forbi og sikra seg opprykk. Bryne scora i snitt to mål per kamp (52 mål), noko som er ganske gode tal, men slapp inn altfor mange mål for å kunne rykke opp (37 mål). Bryne satsa ganske tungt i fjor, og alt anna enn opprykk var ein aldri så liten fiasko.
Bryne har av dei fleste blitt tippa som den største favoritten til å rykke opp denne sesongen. Dei har forsterka bra i vinter (spesielt offensivt), og heng foreløpig bra med i den utruleg jamne avdelinga. Dei står med 12 poeng etter sju kampar spelt, noko Hødd også gjer. Fordelinga står med tre sigrar, tre uavgjorte kampar og eitt tap. Laget frå Jæren har også gjort det svært bra i cupen, der dei har slått både Sandnes Ulf og Viking, lag som er ein divisjon over. Sidan bortetapet mot Vidar, har Bryne spelt seg i form igjen og står med tre sigrar og ein uavgjort. Dei slo både Brattvåg og Stjørdals Blink 2-1 på henhaldsvis borte- og heimebane.
Spelarprofilar på Bryne FK
Sjølv om Bryne slapp inn ein god del mål førre sesong, så er eigentleg forsvaret, og i sær midtstopparane, på eit svært godt nivå. I vinter henta dei den solide målvakta Igor Spiridonov frå fylkesrival Egersund. Keeperplassen var eit problem for Bryne førre sesong, ettersom dei hadde ein god del skader i den posisjonen. Spiridonov er dermed ei svært god signering, og er ein solid og påliteleg spelar. Sjølv om Egersund hamna på 9. plass førre sesong, så var han ein viktig del av forsvaret som slapp inn tredje minst. Ola Johannes Elvedahl hadde før sesong ikkje debutert på a-laget, men har gjort plassen til sin eigen på bra vis. Midtstoppar Krister Wemberg hadde litt skadeplager i oppkjøringa til sesongen, men dersom han verkeleg er ”fit for fight” igjen, så er han ein av dei beste midtstopparane i avdelinga. Han er ruvande i lufta og generalen i forsvaret. Færøyske Rogvi Baldvinsson spelar faktisk på landslaget, og mistar dermed nokre kampar i året, men også han er ein svært god spelar. Hurtigtoget Paul Addo på venstrebacken var skada i store delar av fjorårets sesong, men har klart å sementere plassen sin på laget igjen. Som den siste brikka i den defensive organiseringa har vi Bjarne Langeland. På ei midtbane der resten hovudsakleg er offensivt orienterte, kjem han til å vere den stabiliserande krafta.
I dei offensive posisjonane har Bryne fleire gode spelarar. Indreløpar Mads Bøglid har fortid som angripar, og er svært målfarleg. Den andre indreløparen, Erik Rosland, har hovudsakleg spelt i ein kantposisjon, men har hittil i sesongen spelt mykje på midtbana. Han er rask og driblesterk, og legg ofte opp til lagkameratane sine mål. Han er altså ein av Bryne sine mest kreative spelarar. På høgresida er Simen Næss det mest naturlege valet å starte kampen. Han scora heile 13 mål førre sesong, og har vist seg fram i 2. divisjon for Nest-Sotra før. På den andre kanten får mest sannsynleg Einar Tunheim Lye tillit frå start, som han har fått i dei andre kampane denne sesongen. Han er ein av dei yngre kreftene i dette laget, og er ein spennande spelar å følgje med på. Som midtspiss henta Bryne Omar Fonstad frå Fram Larvik i vinter, og han er ein av dei største favorittane til toppscorartittelen denne sesongen. Han har vist seg som ein storscorar på dette nivået, og scora heile 19 mål førre sesong. Han har tidlegare vore innom Stabæk og Ull/Kisa, i tillegg til å spele fotball på Middelhavsøya Malta. Han har starta sesongen bra og må passast på!
Om kampen
Vi kan forvente oss ein svært god og jamn kamp på Høddvoll kl. 18.00 søndag 3. juni. Begge lag har like mange poeng hittil, og begge har scora like mange mål. Hødd har derimot slept inn tre færre mål. Begge lag er i god form og har ikkje tapt nokon av dei siste kampane sine. Heimelaget slo Brattvåg heile 4-0 på bortebane i ein av dei beste kampane hittil i sesongen, medan Bryne tok ein oppskriftsmessig siger heime mot Stjørdals-Blink. Hødd har enno ikkje tapt på heimebane, og vil naturlegvis prøve å fortsette slik. Bryne sine kampar består ofte av ein god del mål, så det bør vere lov å håpe på ein kamp med fleire mål søndag ettermiddag. Det er to lag som har forhåpningar om opprykk, og dette kan vise seg som ein nøkkelkamp seinare i sesongen.
Kom på stadion og støtt laget til siger mot opprykksrivalen frå Jæren. Vi satsar på at Hødd viser kvifor dei er eit topplag, og tek tre poeng mot Bryne. Køyr på Hødd!
Korleis kan eg sjå eller følgje kampen live?
Kampen er heilt klart best å sjå live på stadion og vi håper du sett av eit par timar på Høddvoll søndag kveld for å støtte dei blåkvite til nye 3 poeng!
Billett til kampen kan du kjøpe her!
Kampen blir også streama på Sunnmørsposten og Vikebladet for dei som ikkje har anledning til å ta turen til Høddvoll.
Vi vil også opprette ein kamptråd på Facebook og Twitter med laupande oppdatering frå kampen.
I tillegg vil vi legge ut bileter frå før, under og etter kamp på Snapchat, Facebook og Instagram.
Etter kampen vil det bli lagt ut videohøgdepunkt frå kampen.
Dagens kampsponsor
KAMPFAKTA
-
POSTNORD-LIGAEN 2018 AVD. 2
-
HØDDVOLL
-
03.06.2018 KL. 18:00