Ronny: - Eg forventa ein god kamp

Dette seier Ronny før kampen mot AaFK Fortuna 2 søndag!

Etter ein sterk siger heime mot Herd, vart det dessverre eit tap borte mot KBK i neste kamp i Fylkesserien. Ein kamp der Hødd først tok leiinga etter scoring av Martha Helvig Omdal. KBK kom tilbake kort tid etter og utlikna til 1-1. Dette resultatet sto seg til pause. Etter halvspelt andreomgang tok KBK leiinga i kampen. Hødd klarte aldri å kome tilbake i kampen og det enda derfor med null poeng tilbake til Høddvoll. 

Etter rapportane frå kampen var det ein fysisk tøff kamp med stygge taklingar som fort kunne resultert i raudt kort. 

Hovudtrenar Ronny Osnes summerer opp kampen slik.

- Førre kamp var borte mot KBK i noko som vart ein svært fysisk kamp. Analysen vår i etterkant seier oss at vi hadde moglegheitene til både poeng og siger, sjølv om grunnspelet vårt ikkje var det beste. Vi fekk med oss tre skader i etterkant, der Martha si skade ser ut til å vere av den alvorlege sorten med ein korsbandskade. Ho er dermed ute av spel eit stund saman med Aske, som brakk leggen mot Molde. Teige fekk ein anskelskade, og kjempar mot klokka for å bli klar mot AaFK. Desse to skadane vi fekk mot KBK var etter stygge taklingar, som etter vårt syn kunne vore straffa med det raude kortet.

Han seier også at Hødd får heimekamp i finalen mot Herd i Sunnmørsposten Cup.

- Elles av nytt så blir det finale mot Herd i Sunnmørsposten Cup. Det blir jobba med å finne ein dato for denne, og det blir også ein kamp vi gleda oss til. Å bli den første vinnaren av denne turneringa, som ein tenker skal bli årviss er definitivt noko å ta med seg. Etter trekning tidlegare i veka, så vann vi og får spele heimekamp i finalen. Så flest mogleg Hødd-fans må følge med på kampinfo og få med seg denne.

Men før dette blir det ny kamp i Fylkesserien når laget spelar borte mot AaFK Fortuna 2 søndag!

- Ny kamp etter frihelg sist helg. Bortekamp mot AaFK Fortuna 2. AaFK har imponert stort denne sesongen og gått frå siger til siger. Så det nærmar seg første tap statistisk sett! Vi skal prøve at dette blir mot oss no på søndag. AaFK og Sverre meiner dei har spelt sine beste kampar for sesongen mot oss, så vi skal gjere det vanskeleg denne gongen også og ta med 3 poeng på ferga heim. 

- Eg forventa ein god kamp på dette nivået og at vi er opp mot vårt beste. Sjølv om stallen er noko redusert, så slo vi dette laget i vinter og då med J19-lag. Så moglegheitene ligg til rette om vi får til vårt spel, og er konsentrerte og nøyaktige der det gjeld mest – framføre måla.

Vi ønsker Ronny og laget lukke til i kampen mot AaFK Fortuna 2 søndag!

 

Annonse: