Ronny: - Gode moglegheiter for både scoringar og poeng

Ronny Osnes seier dette før kampen mot Molde 2 laurdag!

Laurdag spelar damelaget heimekamp mot Molde 2 kl. 14.00. Eit forsterka Molde-lag som Hødd-damene tapte mot på bortebane for nokre veker sia. No venta ny kamp på Høddvoll og nye moglegheiter for poeng. Vi har derfor tatt oss ein prat med Ronny Osnes i forkant av kampen i morgon!

- Det byrjar å dra seg til mot sesongslutt no. Faktisk er det slik at damelaget skal spele kampar også i november månad, medan både herrelaget og Hødd 2 gir seg med seriespel i løpet av oktober månad. No er det nokre spennande kampar framover der vi skal spele 3 av dei 4 siste kampane på heimebane. Vi startar no laurdag mot Molde 2. I første kamp møtte vi eit sterkt Moldelag med fleire spelarar frå førstelagsstallen, så det vart ei god referanse på kvar nivået ligg på toppen av divisjonen over oss. Så sterkt lag har ikkje Molde mønstra verken før eller etter, så det blir spennande å sjå kva spelarar dei sende i kamptropp mot oss denne gongen. Molde sitt førstelag rykka opp og spelar 1. divisjon neste sesong, så vi må sende gratulasjonar i retning våre tidlegare lagvenninner søstrene Nygård. I tillegg rykka tidlegare kaptein Amalie Vik også opp frå 2. divisjon med sitt nye lag, Hamkam. Grattis også til Amalie. 

- I kampen mot Molde så manglar vi litt spelarar. Som kjent er Martha og Aske langtidsskada, og vi manglar også eit par andre i denne kampen. Det betyr andre tolmodige spelarar får moglegheiter til å gripe sjansen, og vise seg fram. Det er slik konkurransesituasjonen er i fotball: Ein må ta dei moglegheitene som kjem både i trening og kamp. 

- Eg forventar eit Hødd-lag med mykje speleglede og entusiasme, som er ute etter å vise seg frå si beste side. Vi skal prøve å spele vårt spel med variasjon i angrepsspelet og trøkk i forsvarsspelet. Evner vi det skal det vere gode moglegheiter for både scoringar og poeng. Vi satsar på at Hødd-venner kjem på kamp og tek vorspielet til Hødd-Jerv søndag på laurdag etter beste handletid.

Vi ønsker Ronny og laget lukke til i kampen mot Molde 2!

Annonse: