PRESSEMELDING
Sander Håskjold Nyland blir Hødd sin nye hovudtrenar i 2019
Sander Håskjold Nyland har i dag signert ein ny 2-års avtale med IL Hødd Fotball og blir klubbens sin hovudtrenar i 2019. Sander har vore trenar i klubben sidan 2016 og hadde rolla som assistent-trenar i 2018. Han har dei to siste åra også hatt hovudansvaret for Hødd2.
Vi har hatt ein god og grundig prosess rundt tilsetting av ny hovudtrenar, og det er med stor glede at vi i dag kan presentere Sander som Hødd sin nye hovudtrenar. Sander har hatt hovudansvaret dei siste månadane, og gjort ein veldig god jobb saman med dei andre i teamet. Vi er opptekne av å utvikle både spelarar og trenarar i Hødd, og slik skape sterke kollektiv som skal bringe klubben vidare, seier sportssjef Andrè Nevstad.
For spørsmål, kontakt;
Sander Håskjold Nyland, hovudtrenar 478 33 351
Ivar Morten Normark, Styreleiar 975 01 433
Andrè Nevstad, Sportssjef 92 22 22 25