Sjølstad solgt til Kongsvinger

Nevstad: - Ei god løysing for alle partar.

- Kongsvinger har vist interesse for Fredrik ei stund, og vi har hatt ein god dialog med dei. Dette var noko Fredrik har hatt lyst til sjølv, og vi har no fått til ein avtale som alle er nøgd med, seier sportssjef Andrè Nevstad.

Nevstad seier vidare at fleire forsterkningar er på veg til Hødd før overgangsvinduet stenger fredag.

Fredrik kom til Hødd foran 2016-sesongen, og spelte 27 kampar i OBOS-ligaen (ingen skåringar) i blåkvitt.

- Vi takker Fredrik for innsatsen i Hødd-trøya, og ønskjer han lykke til vidare, seier sportssjefen.

Annonse: