Super-Ragga er tilbake

Ragnhild Ertesvåg Flote er tilbake på fotballbana igjen for A-laget etter ein pause på grunn av fødsel. Ho toppar statistikken over spelte A-kampar i Hødd (2009-2024) og Hødd-avisa tok seg ein prat med «Super-Ragga» etter at ho endeleg har kome i gang igjen…

*Denne artikkelen vart først publisert i Hødd avisa 12.09.2024.

Korleis har det vore å kome tilbake på laget etter fødsel nummer 2? 

- Det har vore særs kjekt å kome tilbake på fotballbana og til gjengen igjen. Målet var å få vere med å bidra frå hausten av, og det har eg heldigvis klart. Det har vore tungt og tøft å kome seg i form, og det vil fortsatt ta tid før toppforma melder sin ankomst. Det er uansett utruleg kjekt å kunne bidra og vere ein del av laget og fellesskapen igjen!

Kva er drivkrafta di til å kome tilbake?

- Eg var fast bestemt på at eg skulle tilbake på fotballbana allereie då eg fann ut at eg skulle bli mamma for andre gong. Eg føler meg ikkje ferdig med fotballen og kjenner at eg fortsatt har noko å bidra med. Det å vere ein del av eit fellesskap som har det kjekt i lag, jobbar for kvarandre og spelar kvarandre gode gjer noko med ein. Så det er ein stor faktor for at eg ønskte å kome tilbake raskast mogleg.

Korleis ser du på dei resterande kampane i fylkesserien?

- Det vert tøffe, og ikkje minst særs viktige kampar framover. Mest spente er vi på KBK og kvar nivået ligg der. Molde 2 kan ikkje rykke opp så dei er avskrivne. Det er viktig å få samla flest mogleg poeng i dei siste kampane. AaFK Fortuna 2 har ei solid leiing så dei vert det vanskeleg å ta igjen. Dersom førstelaget ikkje rykker opp, kan heller ikkje Aafk Fortuna 2 rykke opp. Det vil seie at ein 3.plass slik tabellen er no (1. Aafk Fortuna 2 - 2. Molde 2 - 3. Hødd) kan gjere at vi kjem oss til neste kvalifiseringsrunde. Vi er veldig motiverte og skal bite i frå oss så godt vi berre klarer! 

Ragnhild Ertesvåg Flote i kampen mot AaFK Fortuna 2!
Ragnhild Ertesvåg Flote i kampen mot AaFK Fortuna 2!

Korleis ser du på framtida for damefotballen i Hødd ?

- Damefotballen i Hødd har og vil fortsatt vere svingande. Unge, gode spelarar kjem opp og eldre, rutinerte flyttar vekk på studiar eller liknande. Det vil seie at vi ofte må ´bygge oppª laget på nytt, noko som ikkje nødvendigvis treng å vere negativt. Hødd har stort fokus på jentefotballen og har gjort fleire og større tiltak dei siste åra i håp om å rekruttere og utvikle yngre jenter i Hødd. Det kjem mange gode spelarar i dei yngre klassene noko som lovar godt for oss som damelag i framtida, seier Hødd-kapteinen.

Vi ønsker Ragnhild og laget lukke til i kampen mot KBK!

Annonse: