TAKK FOR INNSATSEN I HØDD
Det har skjedd endring i a-stallen etter fjorårets sesong og vi ønsker derfor å takke fleire spelarar for innsatsen i Hødd-drakta!
Jens Husebø blir ikkje å sjå i Hødd-drakta i 2021. Han ønsker å spele på eit høgre nivå og har derfor takka nei til ny kontrakt i Hødd.
Netan Nico Sansara flyttar også på seg og har flytta tilbake til Fredrikstad der han trappa ned. Han har fått seg jobb i Råde IL Fotball i ei 80% stilling der han skal ha ulike oppgåver knytt til sport, sponsor og salsarbeid, og i tillegg spele for Råde IL Fotball.
Melvin Frithzell og Simon Silverholt vart ikkje tilbydd ny kontrakt etter sesongen og har derfor reist heim til Sverige.
Elias Hoff Melkersen (Bodø-Glimt), Michael Bal Singh (Lørenskog), Simen Olafsen (Levanger FK) og Håvard Mork Breivik (AaFK) har alle reist tilbake til sine respektive klubbar etter låneoppholdet i Hødd.
Vi ønsker å takke spelarane for innsatsen i 2020 og ønsker dei all lykke til vidare med fotballen i 2021!