Terminlista klar for Fylkesserien

Onsdag kom oppsettet for Fylkesserien der Hødd sitt damelag skal ut å jakte opprykk til 2. divisjon.

Damelaget starta Fylkesserien heime på Høddvoll mot AaFK Fortuna 2, søndag 18. august. Etter det venta det bortekamp mot Molde helga etter.

18.08: Hødd – AaFK Fortuna 2
25.08: Molde – Hødd
31.08: Hødd – Herd
14.09: Kristiansund BK – Hødd
29.09: AaFK Fortuna 2 – Hødd
05.10: Hødd – Molde
19.10: Herd – Hødd
02.11: Hødd – Kristiansund BK
 

Det skal spelast dobbelt serie der laga skal spele mot kvarandre både heime og borte. Vinnaren av Fylkesserien skal møte vinnaren av 3. divisjon Hordaland i kampen om opprykk.

Dato for desse kampane er:
09/10. november – Heime
16/17. november – Borte
 

Vinnaren av desse oppgjera spelar opprykksfinale mot vinnaren frå Trøndelag/ Nord-Norge.

Det kan derfor bli ein spennande haust for damelaget når dei skal ut å jakte opprykk til 2. divisjon.

I tillegg til Fylkesserien skal også laget spele semifinale i Sunnmørsposten Cup mot HaNo 7. september.

Vi ønskjer damelaget lukke til i kampane til hausten!

Annonse: