Fair Play
Les om Fair Play arbeidet i Hødd Fotball.
Hødd Fotball er opptekne av å utvikle kvar enkelt både som fotballspelar og som menneske. Skal vi lukkast med dette, er det avgjerande at vi har eit trygt og godt miljø der små og store trivst saman.
Sampspelet mellom dei aktive, trenarar, leiarar og føresette er avgjerande for å få dette til. Eit god miljø er inkluderande, og viser respekt og toleranse.
Vi har valt å sette ord på dei krav og plikter som må ligge til grunn for å få samspelet til å fungere best mogleg. Både dei aktive, trenarar, leiarar og føresette kan gjennom dette sette seg inn i kva klubben legg til grunn for at alle skal trivast i eit utviklande og spennande fotballmiljø. Samtidig er det i alle si interesse at Hødd står fram som ein klubb der alle involverte representerer klubben på ein verdig måte i alle samanhengar, både på og utanfor bana.
- Hødd er DIN klubb og skal vere open og inkluderande. Medlemmar, aktive og frivillige skal ha ei kjensle av eigarskap og mogelegheit til å påverke utvikling av klubben.
- Hødd Fotball skal skape opplevingar, entusiasme og glede.
- Hødd skal dyrke det gode miljøet og frivilligheitskulturen. Dette skal vere med å skape eit godt grunnlag for aktivitet både i topp og breidde, samt utvikle gode ambassadørar for klubben.
- Hødd skal ta samfunnsansvar og vere ein inkluderande breiddeklubb, og i Ulstein kommune vere ein viktig bidragsytar til eit trygt og godt barne- og ungdomsmiljø.
- Hødd skal vere ein regionalt forankra klubb og ta særleg ansvar for utviklinga av både herre- og damefotballen på Søre Sunnmøre i eit nært samarbeid med klubbane i området.
Om det er på trening eller i kamp, om du er liten eller stor, far eller mor, publikum, supporter eller sponsor; i Hødd handlar det om å skape opplevingar for alle. Små hendingar kan vere store opplevingar for den einskilde. Hødd Fotball skal spele ein attraktiv og framoverretta fotball.
Hødd skal vere ein klubb som folk flest kan identifisere seg med. Klubben skal vere folkeleg, open og inkluderande og stå fram på ein positiv måte i alle samanhengar. Vi skal sjå alle og sørge for at alle aktive kjenner seg heime i Hødd.
Positive profilar skapar positiv identitet og merksemd. Gjennom prestasjonar og sin veremåte skal Hødd skape nye profilar som bryt barrierar og er gode rollemodellar, både på og utanfor bana, for jenter og for gutar.