23 Grasrot-trenarar på kurs
28. november var det heile 23 trenarar som gjorde seg ferdig med Grasrottrenar delkurs 1. NFF
Det hele føregjekk på Høddvoll over tre lange kurskveldar.
Innhaldet var Barnefotball for dei mellom seks og åtte år med tema som verdigrunnlaget, klubben som sjef, aktivitetskategoriane, prinsipp for god fotballaktivitet, trenaren som rettleiar, øktas rammer, trenarvett og ikkje minst praksis på feltet.
Kursleiar var Arnfinn Ingjerd med Benjamin Soløy som rettleiar i praksis. Fotballkretsens Øyvind Dalseth deltok siste kurskveld med føredrag, demoøkt og rettleiing i praksis.
Strategien til Hødd for trenarutdanning dei siste åra har vore å arrangere eitt Grasrot delkurs i halvåret aleine eller saman med naboklubb. Delkurs 2 blir arrangert i februar - mars.
Dei er no heile 52 trenarar i klubben som har trenarutdannelse i ein eller annan valør. Sjå vedlagt liste «UEFA-trenere og GRASROTTRENARAR HØDD Pr. 1.12.24».
På biletet ser vi bak frå venstre: Christian Garshol Rydjord (Hasundgot), Aleksander Håheim Eidem (Hødd), Bjørnar Myrene (Hødd), Henrik Fjørtoft (Hødd), Kristian Ohm Ekroll (Hødd), Morten Pedersen (Hødd), Torgeir Skeide (Hødd), Robin Hjelmeseth (Hødd).
I midten frå venstre: Hanne Hatløy (Haddal), Erika Espeseth Skarbø (Hødd), André Omdal (Hødd), Renate Pedersen (Hasundgot), Daniel Reite (Hareid) og Martinus Warholm (Hødd).
Framanfor frå venstre: Benjamin Soløy Kaldhol (Hødd), Joakim Svoren Årvik (Hødd), Nicolae Girbea (Hødd) og Runar Kvamme (Sande).
Ikkje til stade då biletet vart tatt: Victoria Johansen Hide (Tjørvåg), Lars Erik Johannessen (Tjørvåg), Terje Longva (Hødd), Robert Holstad Flø (Hareid), Alexander Hovlid Riise (Hareid).