8 klubbutvikla spelarar involvert i bortekampen mot Brattvåg

Heile 8 klubbutvikla spelarar var involvert i bortekampen mot Brattvåg søndag når Hødd tok seg vidare i NM.

Det er ikkje mange av toppklubbane i Norge som kan vise til fleire klubbutvikla spelarar i laget enn det Hødd har i år, noko som er svært gledelege tal å vise til. 

I kampen mot Brattvåg starta Mirza Mulac, Robin Hjelmeseth, Isak Skotheim og Fredrik Gjerde. Inn kom Åsmund Roppen, Daniel Brandal, Andreas Televik og Oliver Aske. Det gjer at heile 8 klubbutvikla spelarar var involvert i sigeren og avansementet i NM.

Det er også kjekt å sjå tidlegare Hødd-spelarar frå junior og rekrutt dei siste åra som er aktive rundt om i naboklubbane.

I Volda sin NM kamp mot Sogndal starta tre tidlegare Hødd-rekruttar kampen. Desse var Olai Bjørdal, Andreas Brandal og Iver Husø Johansen. I tillegg var Jack Alme ein del av kamptroppen. 

I serieopninga for Hareid heime mot Langevåg starta seks tidlegare rekruttar kampen. William Fjørtoft, Erling Warholm Myrene, Jesper Sundal, Petter Haddal Worren, Andreas Fjørtoft og Ulrik Husø Johansen. På benken var også Mats Djupvik, Gabriel Olav Peterson, Henrik Saunes Hasund og Lavrans Gustavsen. Det er 10 tidlegare spelarar som har vore ein del av Hødd-systemet. 

Og fleire andre spelarar er også aktive ute i dei andre naboklubbane på Søre Sunnmøre. 

Annonse fra Obos-ligaen: