Alle hovudtrenarane på plass i Møreakademiet

Det er no klart kven som blir hovudtrenarar i Møreakademiet 2025.

Sebastian Løvoll held fram som hovudtrenar for J16. Han er ein ung og dedikert trenar som i 2024 jobba med J16 og som assistent på A-lag dame. Han har som mål å ta UEFA B-lisens innan kort tid.

Vebjørn Sandvik og Per Magne Lillenes held fram med delt ansvar for J14 i 2025. To rutinerte karer frå fleire klubbar for Hødd som deler på hovudansvaret.

Matt Saunders blir hovudtrenar for rekruttlaget Hødd 2. Han har i år trena Hødds G16-lag og har UEFA B-lisens.

Christer Johansen blir hovudtrenar for G16 og G15 Nasjonal. Han er trønder, men har jobba i Tromsø i fleire sesongar, sist som hovudtrenar for rekruttlaget damer til Tromsø IL. Christer har spelarerfaring frå OBOS-nivå, men ein skade tvinga han til å legge opp. Han har UEFA B-lisens.

Lars Petter Rønnestad blir hovudtrenar for G14. Lars Petter og Hødd kjenner kvarandre godt. Han har tidlegare jobba i klubben i ni år, både i administrasjonen og på feltet. Han kjem frå stillinga som dagleg leiar i Bergsøy, der han også har vore A-trenar i fire sesongar. Lars Petter er utdanna adjunkt og har UEFA B-lisens.

Dagleg leiar Jesper Törnqvist uttrykkjer stor tilfredsheit med dei nye trenarane og deira potensial til å utvikle lokale spelarar til A-laga.

 

Annonse: