Andreas Waterfield Skjold klar for Hødd

Andreas Waterfield Skjold har signert ei kontrakt med Hødd ut 2026-sesongen! Foto: Privat

Andreas er ein offensiv midtbanespelar med x-faktor i det offensive spelet, og i tillegg eigenskapar som passa vår spelestil. Andreas var på prøvespel i to veker og overtyde oss så mykje at han no blir Hødd-spelar frå 2025-sesongen.

Han er ein spelar som er godt skulert og gått gradene i akademiet til Strømsgodset etter overgangen frå Konnerud i tidlegare alder. I år har han spelt for Notodden der han har fått verdifull erfaring i PostNord-ligaen.

Hovudtrenar Marius Bøe seier dette i ein kommentar:

- Ein spelar som har leie i systemet vårt gjennom heile 2024. Akademiskulert, har vore i toppklubb i fleire år og fått verdifull erfaring med Notodden i PostNord-ligaen. Der har han levert varene med fleire målpoeng, samt at han er ein spelar som legg ned ein stor innsats for laget. Andreas har ein profil som passa inn i måten Hødd ønsker å spele og trene på. I tillegg er han rett type inn i vår spelargruppe. Han er hardtarbeidande og ambisiøs. Gjennom opphaldet i Ulsteinvik viste Andreas seg frå ein god side, noko som førte til at vi no ønsker han velkomen.

Andreas sjølv ser fram til å utvikle seg vidare i Hødd.

- Eg har fått eit veldig bra inntrykk av klubben. Det er ein klubb med ambisjonar og verkar som ein fin stad å utvikle seg som spelar. Eg ser fram til å spele på Høddvoll.  

Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:

- Ein godt skulert spelar som kjem opp gjennom Godset sin skule. Er i år i Notodden no med god erfaring som gjer at han er klar for det neste steget. Ein spelar med offensiv finesse som vi har følgt i heile år. Velkomen!

Vi ønskjer Andreas velkomen til klubben!

Annonse: