Anne Marte Halset tilsett som fysio i Hødd

Anne Marte Halset er tilsett som fysio i Hødd ut året med moglegheit for vidare forlenging.

- Anne Marte kjem inn i klubben med fagleg styrke innanfor fysisk trening og fysioterapi. Tidlegare fotballspelar på 1. divisjonsnivå med masse positiv energi! Anne Marte skal jobbe tett mot A-lag herre, men også bidra med sin kompetanse i andre delar av klubben. Vi gleda oss til reisa vidare saman, seier Sportssjef Jesper Törnqvist.

Hovudtrenar Marius Bøe er glad for å få med Anne Marte i teamet.

- Veldig glad for å ha Anne Marte på plass i Ulsteinvik. Ho er positiv, energisk og har kompetanse som vil løfte kvardagen vår her på Høddvoll. Anne Marte er også svært opptatt av utvikling og det å hjelpe andre til å nå sine mål. Velkomen til Hødd.

Anne Marte sjølv ser fram til å bli ein del av klubben.

- Eg er veldig glad for å få moglegheita til å bidra med min kompetanse i ein tradisjonsrik klubb som Hødd. Klubben har stort fokus på utvikling av spelarar og lag, og eg ser veldig fram til å vere ein del av kvardagen til denne fine klubbene og menneskene.

Vi ønsker Anne Marte velkomen til Hødd!

Annonse fra Obos-ligaen: