Anselmi Mikael Nurmela klar for Hødd

Hødd Fotball og Anselmi Mikael Nurmela er einige om ein kontrakt som strekkjer seg ut 2022-sesongen!

Anselmi har den siste veka trena med Hødd og har gjort sine saker så pass bra under treningsopphaldet at han har gjort seg fortent til ei kontrakt med klubben. Anselmi spelte sist for AC Oulu i Finland, men har vore utan klubb dei siste månadane. Han kjem derfor gratis til Hødd. 

Sportssjef Jesper Törnqvist er godt fornøgd med avtalen: 
- Vi har jobba med å forsterke stallen, og er veldig glade for å ha Anselmi på plass. Ein solid spelar med styrker i det defensive spelet. Han kan bekle fleire posisjonar i forsvar og på midtbana.  
 

Vi ønsker Anselmi velkomen til Hødd! 

Annonse: