Ballhentarar 2025-sesongen

Har laget ditt lyst til å springe ut på Høddvoll? Eller kjenner du til eit lag dette hadde vore midt i blinken for?

Vi søker ballhentarar til heimekampane i 2025-sesongen.

Dette er ei flott moglegheit for lag som ynskjer å kome enda tettare på spelarane og sjå korleis det er å vere Høddspelar.

SLIK BLIR OPPLEGGET
- Laget som stiller med ballhentarar får 10 gratis kampbillettar til vaksne for gjeldande kamp.
- Omvisning på Høddvoll - kampgarderober, stadion, etc. før kamp.
- Mat og drikke i pausa.
- Lagspresentasjon og bilete på storskjerm før kampstart. 
- Lagsbilete på indre bane.
- OBOS-midtbaneseil v/ innmarsjen (herrelaget)
- Flaggborg (damelaget)
 

MELD PÅ KLUBBEN HER!

 
Husk at du kan sende inn ønske om fleire kampar, så vil vi kome tilbake til kva kamp dykk har fått tildelt. Laga som har meldt seg på vil då få oversendt meir informasjon om opplegget.
 
*Dersom det er mange lag som melder seg til same kampen, vil først til mølla prinsippet gjelde.
 

Ballhentarar: 
Antall: Min. 8 spelarar 
Alder: 9-16 år
Bekledning: Varme klede og i klubbfargar

Er dette noko for din klubb?

HEIA HØDD!

Annonse fra Obos-ligaen: