Berekraftsdrakta 2025
Hødd i samarbeid med Puma lanserer ny drakt til neste sesong! Heimebaneprosjektet Toppfotball
Drakta er designa i samarbeid med vår utstyrsleverandør Puma, og vi retta ein stor takk til dei for samarbeidet med å lage denne flotte drakta.
Målet med drakta er å synleggjere Heimebaneprosjektet og berekraftsarbeidet i enda større grad.
Det har også vore ein tanke rundt drakta sitt design, og elementa i drakta har derfor også ei betydning.
- Drakta sin grønfarge skal representere vårt berekraftsarbeid gjennom Heimebaneprosjektet.
- Den marineblå fargen er ein hyllest til den maritime bransjen i regionen.
- Dei blå bølgene representerer Ulstein Kommune som kystkommune.
- Dei kvite logane på drakta er eit hint om ei lys framtid for klubben i vårt hjarte.
- Den moderniserte runeskrifta på drakta er eit hint til Hødd-logoen og ein hyllest til vikingen i logoen.
Drakta vil bli brukt på neste års Heimebanekamp – der vi som klubb invitera klubbane på Sunnmøre til ei berekraftssamling i forkant av kampen. Fokuset på denne samlinga og kampen er å sette eit ekstra sterkt fokus på berekraft og korleis vi som klubbar kan jobbe målretta med dette i åra framover. I tillegg vil drakta bli brukt på fleire bortekampar når Hødd skal ut å jakte poeng i OBOS-ligaen.
Denne drakta blir eksklusiv og vil berre bli produsert opp i eit mindre eksemplar. Men, drakta vil sjølvsagt bli opna for førehandssal frå 18. november og t.o.m. tirsdag 24 desember. Alle som kjøper på førehand vil garantert få kjøpt drakta. Utover dette vil det ikkje bli lagt ut veldig mange fleire drakter for sal.
Ettersom drakta er spesialdesigna vil den ha litt høgre pris enn vanleg.
Prisen for barnedrakta vil ligge på kr. 650,- og for vaksen kr. 850,-.
Det er også mogleg å få namn og nummer på drakta. Prisen her er kr. 100,- for namn og kr. 100,- for nummer i tillegg.
*Vi gjer merksam på at det ikkje blir rom for å bytte drakta etter kjøpet. Om du er usikker på størrelsen ber vi deg heller velje ein størrelse opp enn det som du bruka til vanleg.
Gå inn her for å førehandsbestille drakta!
Estimert levering ferdig trykt rundt April/ Mai 2025. Faktura vil bli sendt ut når drakta er ferdig trykt og kan hentast på Høddvollhuset.
Inntektene som klubben får av draktsalet går tilbake til Heimebaneprosjektet.
For spørsmål, ta kontakt med André Aurvåg Gardshol på telefon 995 42 159 eller e-post [email protected].