Billettinformasjon Brattvåg - Hødd

Her får du informasjon om korleis du sikra deg billett til kampen mot Brattvåg!

Det er venta fleire tilreisande Hødd supporterar til Brattvåg stadion for å støtte dei blåkvite i NM-kampen mot Brattvåg søndag. Her kjem derfor litt informasjon om korleis du sikra deg billett og kor Hødd sine supporterar får plass på stadion.

Billettinformasjon

150kr vaksen
100kr Honnør/ student
Barn gratis
 
Det er to måtar ein kan sikre seg billett til kampen:
1. Kjøpe billett ved inngangen
2. Kjøpe billett på nett: https://bratvaag.woow.no/event-buy/291
 

Plassering av publikum

Blåsarane og andre med flagg/ Hødd-effekter vil få plass til venstre for tribuna (mot hallen). Det er derfor ikkje tillatt å stå på sitjetrubuna.

Andre Hødd-supporterar som kjem på kamp får eit eige felt sitjetribuna (mot hallen).

Vi oppmoda også alle om å nytte inngang og parkeringsplass ved hallen. 

Vi sjåast på kamp!

Annonse fra Obos-ligaen: