
Billettinformasjon Hødd - Florø
Onsdag 1. september kjem Florø på besøk og vi har den glede av å ønske deg velkomen til seriekamp på Høddvoll!
HØDD - FLORØ
Onsdag 1. september kjem Florø på besøk og vi har den glede av å ønske deg velkomen til seriekamp på Høddvoll! Kampstart kl. 18.00.
Det blir no opna for 2000 tilskodarar på faste tilviste plassar og det blir derfor mogleg å sikre seg billett til kampen!
KJØP BILLETT HER!
Både hovudtribuna og Sparebanken Møre tribuna blir opna og det skal til ei kvar tid vere eitt sete mellom kvar tilskodar. Berre stolar som er merka med ein kvit lapp skal nyttast. Dette gjeld også for personar frå same familie/ husstand. Blåsartribuna blir dessverre ikkje opna i denne omgang, då vi må forholde oss til faste tilviste plassar. Blåsarane vil derfor få plass på Sparebanken Møre tribuna.
Tilreisande bortesupporterar vil kunne kjøpe billett på FELT J.