Etter 3-2 samanlagt mot Tromsdalen over to kampar i første kvalifiseringsrunde er det no klart at Lyn blir Hødd sin motstandar i kvalifiseringa til OBOS-ligaen 2024.
Første kamp går borte på Nadderud stadion måndag 27. november kl. 18.00.
Heimekampen på Høddvoll er satt opp laurdag 2. desember kl. 15.00.
ALLE PÅ KAMP!
Laurdagens heimekamp mot Lyn er ein av dei viktigaste kampane til Hødd på veldig mange år. Her står det om vidare spel i OBOS-ligaen neste år!
Ta med deg familie, venner og kjente på kamp. Til fleire vi er, til meir støtte og energi får laget ute på bana!
Vi oppmoda derfor folk til å dele og like saker vi legger ut i sosiale media slik at flest mogleg får med seg den viktige informasjonen.
BILLETTINFORMASJON
Vi opnar for sal av billettar torsdag kl. 12.00!
Ønsker du å reservere plassen din på sesongkortet? Send e-post til [email protected]!
Send følgjande informasjon.
Namn:
Telefonnummer:
Felt:
Rad:
Sete:
Frist for å reservere plassane i sesongkortet er onsdag kl. 12.00!
Frist for å kome innom Høddvollhuset å betale eller Vippse for reservasjonen er fredag kl. 12.00! Etter dette tidspunktet vil plassane bli frigjort dersom plassane ikkje er betalt for.
Vi minner om at ALLE må kjøpe billett til kampen. Sesongkortet gjeld ikkje i kvalifiseringskampane. Berre dei med akkreditering og NFF kort har gratis inngang på kampen.
Vi oppmoda også alle om å kjøpe billett via vårt billettsystem på nett eller mobil via TicketCo appen. Då unngår du billettkø på kampdag og du kan scanne billetten din og gå rett inn.
Det blir også mogleg å sikre seg kampbillett på Høddvollhuset alle kvardagar mellom kl. 09.00 og 15.30. For avtale utanom dette, ta kontakt!
På kampdag kjøper du billett på billettkontoret, frå kl. 13.30. Vår anbefaling er at du møter opp i god tid i forkant av kampen for å unngå kø ved billettkontoret.
Tilreisande bortesupporterar vil kunne kjøpe billett på FELT K.
Vi er spenna klar for kvalifiseringskamp til OBOS-ligaen 2024 og håper også du tek turen denne dagen å støttar dei blåkvite!
Vi ønsker deg hjerteleg velkomen til Høddvoll!
HEIA HØDD!