Bøe klar for ny treningskamp onsdag

Hødd A-lag herre har kome tilbake etter ei veke på treningsleir og er klar for nye treningskampar inn mot seriestart.

Vi har hatt ein kjempefin treningsleir med strøka bane og kjempe gode fasilitetar. Vi fekk jobba med detaljar, spelet vårt og det fysiske. Positivt med tanke på samhald, spelestil og til slutt fekk vi ein kamp mot georgiske Torpedo Kutaisi. Det var ein kamp der vi ikkje hadde så mykje informasjon om motstandaren, berre at det kunne bli ein fysisk kamp med motspelarar som har spelt på eit bra nivå tidlegare. Vi stod godt i duellspelet og skapte nok til å leie med fleire mål før pause. Ein solid prestasjon av spelarane i kampen. Det var ei fin avslutning på treningsleiren med ein kamp vi hadde fortent å vinne, fortel Marius Bøe.

I morgon onsdag er det klart for ny treningskamp, denne gongen borte mot Sogndal.

Fin test mot eit OBOS-liga lag. Etter 6 veke med oppkøyring får ein gode svar på kor ein står, og kva ein må jobbe vidare med inn mot seriestart. Vi har no møtt KBK, AaFK, Torpedo, Volda og møter no eit godt Sogndal-lag onsdag. Det blir ein vanleg inngang til kampen der vi har fokus på vårt spel, samtidig at vi må ta omsyn til motstandarens styrke og svakheiter. Også ei fin moglegheit til å teste om spelarane kan halde 45-70 min og styrke det fysiske. Vi får brukt heile troppa vår denne veka med ny kamp på laurdag mot Brattvåg, som gjer at vi får fleire spelarar kampklare og i god kampform, fortel Bøe.

Vi har fullt mannskap tilgjengeleg denne kampveka, berre Magnus Holte som vi må vere litt forsiktig med etter skade.

Vi er i ein periode der vi skal sjå progresjon på det vi trena på fysisk og taktisk, for å så teste kampforma i treningskampane. Daniel med sin kunnskap og kompetanse har kome inn og tatt tak i det fysiske spekteret, noko som vi har hatt veldig godt nytte av. Vi ser stor forskjell på det fysiske nivået, vi har stor kraft og er hurtigare i korte og lengre distansar. Treningskampane blir som ein eksamen, der vi håpar å sjå igjen det vi har trena på gjennom treningsveka, fortel Bøe

Annonse fra Obos-ligaen: