Bra førsteinntrykk av klubben, og ser fram til å jobbe med ei treningsvillig gruppe
Daniel seier han skal gjere sitt beste for å løft den fysiske kapasiteten i laget. Toppfotball
Daniel Andre Kristiansen, 29 åringen i frå Gjerdrum er vårt nyaste tilskot i trenarstaben som fysisk trenar/testfysiolog. Daniel har master i idrettsvitenskap og tok utdanninga si i Lillehammer og Kristiansand. Dei siste to åra har han hatt same oppgåve for Åsane damer i toppserien og litt vikar for herrelaget i Obos-ligaen samt erfaring i frå Amazon Grimstad og Olympiatoppen.
Daniel og sambuaren har nettopp flytta til Ulsteinvik og med hektisk første veke har jobben tatt mykje tid og ser fram til å bli meir kjend med klubben og byen. Om han finne tid og energi har han også forhåpninga om å begynne på igjen med amatør- boksing eller fotball. Daniel som eigentleg er i frå Hemsedal er vand til å vere omringa av fjell, men synst det er noko spesielt med utsikta ut mot havet og gleda seg til å bli meir kjend med byen og lokalsamfunnet.
- «Latterleg pent da, fantastisk vakkert», sei han med utsikt ut mot havet frå klubbhuset på Høddvoll.
Daniel har fått eit bra førsteinntrykk av klubben og byen.
Vi er ein fin og samarbeidsvillige gruppe som bygge kvarandre opp der det er takhøgde for å gi beskjed, og alle går same retning med same mål. Han har kun fått møtt spelargruppa ein gang, med der er også førsteinntrykket godt med ei treningsvillig gruppe som vil bli betre, der han seier at Hødd er ein plass der du fort kan ta gode steg som gjer at det enklare for spelarane å vere mest mogleg motivert og yte best mogleg, som også gjer det enklare for oss i trenarstaben å legge rette for det, fortel Daniel.
Som oppgåve har Daniel fått ansvar for å løfte det fysiske- produktet og prestasjonane. Ein del av det er å hjelpe Marius og Kristoffer i syklusarbeidet ved å planlegge det fysiske for året, altså volumet og intensiteten på treningane. Den andre delen er å legge best mogleg rette for kvar enkelt spelar sine fysiske prestasjonar og å bli betre fysisk trena som han meina er ein vestleg viktig faktor for å fornye kontrakta i Obos-ligaen og at han skal gjer sitt beste for at det skal skje.
No i dag på fredag har herrespelarane fysisk test (styrke, hurtigheit og uthald) for å kartlegge spelarane og vite kva dei må legge til rette for kvar enkelt spelar fysisk no i oppkøyringa og inn imot test nummer 2. Det dei måle er prestasjonane til spelarane samt effektiviteten av opplegget dei har laga for å teste. No i ferien har spelarane sjølv fått i ansvar å vere i best mogleg form inn imot test 1, der Daniel spesifisera at det er test 2 som på ein måte er viktigast for han og spelarane ved at testane skal vere eit måleinstrument om treninga og oppsettet funka og har effekt.