Brimer = Like moglegheiter

Brimer blir hovudsponsor for «Like moglegheiter» prosjektet, og blir ein viktig samarbeidspartnar for Hødd dei neste åra.

Like moglegheiter er eit viktig prosjekt for Hødd Fotball, der vi som klubb skal bidra til eit meir inkluderande samfunn i regionen. Klubben skal vere inkluderande, og legge til rette for at både gutar og jenter skal kunne følgje draumane sine. Vi er derfor svært stolte over å få med Brimer som hovudsponsor for prosjektet «Like moglegheiter».

- Brimer er no stolt hovudsponsor for Hødd sitt prosjekt for «Like moglegheiter»! Avtalen speglar Brimer sitt engasjement for inkludering, mangfald og samarbeid. Som lagspelar heiar vi på eit samfunn der alle får like moglegheiter mot sine mål og draumar. Vi gleda oss til samarbeidet!

Startskotet for prosjektet vart starta opp i fjor når damelaget spelte finale i Sunnmørsposten Cup. Ein kamp der Hødd-familien var samla for å støtte opp under «Like moglegheiter».

- Utruleg kjekt å sjå over 400 på kamp som støtta opp under dette viktig prosjektet. Ein kamp der heile idrettslaget var samla, både liten og stor, gutar og jenter. Med å rette fokus på dette i kvardagen håpar vi som klubb å auke interessa for jente- og damefotballen i klubben, seier marknadsansvarleg – André Aurvåg Gardshol.

Han er også svært glad for å få med Brimer på laget.

- Klubben har jobba aktivt med å få med samarbeidspartnarar for dette prosjektet, og det er svært gledeleg at vi har fått med oss tre samarbeidspartnarar som blir med oss dei komande åra. Brimer blir den største, og blir ein viktig hovudsponsor for prosjektet, og vi ser fram til å jobbe i lag dei komande åra. Veldig kjekt å få med Brimer som ser verdien av dette arbeidet, og som eit ledd i dette vil draktene til damelaget dei neste åra vere pryda av logoen til Brimer.

Like moglegheiter handla også om mykje meir og femna eit stort område. Spesielt rundt inkludering og mangfald i samfunnet.

- Som MOT klubb skal alle føle seg inkludert, og det skal vere nulltoleranse for hets basert på etnisitet, kjønn, legning eller religion. Alle som er ein del av Hødd-familien skal ha moglegheita til å følgje draumane sine, seier dagleg leiar Jesper Törnqvist. 

Han seier vidare at Brimer viser sitt samfunnsengasjement i praksis. 

- Brimer sitt engasjement er ein milepæl for klubben sitt prosjekt «Like moglegheiter». Dei er ein stolt hovudsponsor for prosjektet som viser samfunnsengasjement i praksis. Hødd Fotball sitt bidrag til lokalsamfunnet er betydeleg, og for å kunne oppretthalde og utvikle aktiviteten treng vi gode støttespelarar. Vi gler oss til samarbeidet for eit enda betre lokalsamfunn. 

Hødd Fotball vil rette ein stor takk til Brimer, og vi ser fram til å utvikle samarbeidet dei komande åra.

 

Annonse fra Obos-ligaen: