Daniel har signert ny kontrakt
Daniel Notanes Brandal har signert ny kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2026-sesongen! Toppfotball
Hovudtrenar Marius Bøe er svært glad for å ha med Daniel vidare.
- Daniel er ein spelar med ekstrem ferdigheiter. Hurtig og god 1vs1 offensivt. Han er i fin utvikling her i Ulsteinvik, og vi er svært glad for at vi har sikra oss han ut 2026.
Sportssjef Jesper Törnqvist er også glad for at Daniel har signert ny kontrakt med Hødd.
- Ein lokal spelar med X faktor som har fått meir og meir speletid. Vi er veldig fornøgde med at Daniel har signert med oss ut 2026-sesongen.
Daniel seier dette i ein kommentar:
- Eg er veldig glad for å ha signert ny kontrakt med Hødd. Eg gler meg til å spele, og utvikle meg som person og spelar. Eg trivst i Hødd og eg har trua på korleis vi gjer ting her.
Vi gratulerer Daniel med ny kontrakt og ser fram til å følge han vidare i Hødd-drakta dei neste åra!