Deniss Korneiciks klar for Hødd

Deniss Korneiciks har signert ei kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2022-sesongen!

Deniss har trena med Hødd dei siste tre vekene, og har gjort eit godt inntrykk under treningsopphaldet. Han er no klar for å slutte seg til laget. Keeperen har lokal tilhøyrsle til Herd og Ålesund, og har dei siste to åra spelt for Egersunds IK. Han har også tidlegare vore innom Bryne og Sandnes Ulf.

Deniss skal også ha ei deltidsstilling som keepertrenar i utviklingsavdelinga. 

- Vi er veldig glade med å signere Deniss ut 2022-sesongen. Ein keeper som har toppfotballerfaring med sine største styrker i nærspelet. Ein profesjonell spelar med lokal tilhøyrsle til Herd og Ålesund, seier Sportssjef Jesper Törnqvist. 

Hovudtrenar Joakim Dragsten seier dette i ein kommentar:
- Etter nokre veker med oss har Deniss fått vist kvalitetar som gjer oss sikre på at keeperteamet i år blir solid! Dette gjer at nivået på trening og i kamp blir heva. Deniss har kome godt inn i gruppa vår og har ein roleg og fin framtoning.
 

Vi ønsker Deniss velkomen til Hødd!

Annonse: