
Eit viktig samarbeid mellom Furene og Hødd Fotball
Tusen takk til Furene for besøket! Heimebaneprosjektet Sponsor/ samarbeidspartnar
Furene arbeidar dagleg med arbeidsinkludering og hadde gleda av å få besøke Hødd førre veke, der dei tilsette fekk eit innblikk i kvardagen på Høddvoll.
- Veldig kjekt å få besøk av Furene, og for Hødd som klubb er dette eit viktig samarbeid som vi ønsker utvikle vidare dei neste åra. Både vi og Furene har mange av dei same verdiane, og vi er derfor stolte over å ha eit tett samarbeid med Furene, seier Dagleg leiar - Jesper Törnqvist.
Furene og Hødd starta samarbeidet i 2020, og har utvikla eit godt samarbeid gjennom desse 5 åra. Furene leverer i dag transfertrykk på alt av klede til fotballgruppa, i tillegg til reklameskilt og diverse anna profilering.
- Vi er veldig godt fornøgde med samarbeidet med Furene, og det arbeidet dei utfører er av topp kvalitet. Vi ser fram til fleire år med godt samarbeid, seier marknad, media og utstyrsansvarleg - André Aurvåg Gardshol.
Furene har i dag ca. 180 tilsette, og har lokasjonar i Hareid, Ulstein, Herøy, Vanylven og Volda. Jobbkonsulentane samarbeider i tett dialog med NAV og arbeidslivet i dei sju kommunane på Søre Sunnmøre for å inkludere fleire til arbeid eller utdanning. I 2024 lukkast Furene med å formidle 159 til arbeid eller utdanning.
Administrerande direktør i Furene, Inge-Jonny Hide seier dette etter besøket på Høddvoll.
- 80 av våre VTA-tilsette (varig tilrettelagt arbeid) vart inviterte og det blei eit hyggeleg besøk. Det var spennande å høyre om korleis Hødd byggjer lag. I dialogen med trenarteamet kunne vi konkludere med at Hødd og Furene legg mykje av dei same verdiane i botnen for å byggje eit best mogleg lag/bedrift.
- For Hødd Fotball er Furene også ein viktig kunde, sidan vi står for påføring av logoar på draktene som laga nyttar. Dette skjer ved avdelinga i Volda. Furene leverer også mange av skilta som er på stadion, og anlegget på Høddvoll. Dette er viktige og spennande oppdrag som bidreg til sosial berekfraft gjennom god arbeidsinnkludering.
- Vi gler oss til at representantar frå Hødd Fotball kjem på gjen-visitt til Furene. Vi lovar ein interessant dag der vi får vise mangfaldet i vår verksemd.
Hødd Fotball ønsker å takke Furene for besøket og vi ser fram til eit godt samarbeid vidare.




