
Eivind Helgesen har signert for Hødd
Eivind Helgesen har signert ei kontrakt med Hødd Fotball som strekkjer seg ut 2023-sesongen!
Eivind har trena med Hødd dei siste vekene og gjort sine saker bra under treningsopphaldet. Han er derfor klar for å bytte ut den kvite drakta til Sogndal med den blå Hødd drakta dei neste to åra.
I Sogndal har han fleire kampar i OBOS-ligaen, samt eit innhopp i Eliteserien. I 2021 var han på utlån frå Sogndal til Øygarden. Eivind står også oppført med 5 kampar for U18 landslaget til Norge.
- Med Eivind får vi ein fysisk sterk spelar med god motor og ei herleg innstilling. Han er mangsidig og kan derfor bekle begge backposisjonane. Vi gler oss til å utvikle oss framover saman, seier Sportssjef Jesper Törnqvist.
Hovudtrenar Joakim Dragsten:
- Eivind kjem frå ein god skule og sterk kultur i Sogndal, der han tek med seg innsats og dedikasjon inn i vår gruppe. Han er svolten og har lyst til å bli betre, kan bekle backrolla på begge sider og har erfaring frå nivået. I tillegg har også Eivind tidlegare Hødd spelar i nærmaste familie. Vi gleda oss til å kome i gang!
Trond Helgesen som er faren til Eivind spelte for Hødd i Tippeligaen i 95-sesongen og nokre år etter det. Totalt står han oppført med 119 kampar i Hødd drakta.
Vi ønsker Eivind hjerteleg velkomen til Hødd!