Entec Cup 2024
Hødd Fotball inviterer til Entec Cup på Høddvoll 1.- og 2. juni!
Entec Cup er ei fotballturnering for gutar og jenter i aldersgruppa 6-12 år og vi ser fram til ei kjekke helg med mykje fotballglede.
Det blir open kiosk, grillstand og kafeteria i tilknytning til stadion. I tillegg blir det lagt opp til skuddradar og andre kjekke aktivitetar mellom kampane.
- I samarbeid med Entec Group ønsker vi alle barn, unge og vaksne hjarteleg velkomne til Høddvoll og Entec Cup.
- Med fleire baner tilgjengeleg har vi plass til ca. 500 lag under turneringa. Her vil det bli lagt opp til eit effektivt kampoppsett, og det vert også tatt omsyn til reiseavstand og at ein i størst mogleg grad unngår at ein møter lag ein elles gjer til vanleg, seier turneringsansvarleg André Aurvåg Gardshol.
Meld på laget i dag!
25% rabatt til alle lag som melder seg på før 5. april!
Påmeldingsfrist: fredag 10. mai!
For spørsmål, ta kontakt med Andre Aurvåg Gardshol på telefon 99 54 21 59 eller e-post [email protected].
Velkomen til Entec Cup!