
Fire spelarar takka for seg i Hødd
Vi takka Deniss, Eirik, Olai og Iver for innsatsen i Hødd. Toppfotball
Etter avslutta sesong er det alltid nokre spelarar som dreg vidare. Hødd Fotball vil derfor takke Deniss Korneiciks, Eirik Bjørnevik, Olai Bjørdal og Iver Husø Johansen for tida deira i Hødd.
Sportsjef Jesper Törnqvist ønsker å takke alle fire for innsatsen i Hødd det siste året.
- Deniss kom til oss i sommar og har, som ved hans tidlegare opphald her, vore med i gruppa som ein solid keeper og god lagspelar. Ein god skotstoppar som no reiser vidare.
- Eirik, «Bjørnis» har hatt sin treningskvardag med A-herrane og stått kampar i 3. divisjon. Ein pliktoppfyllande tredjekeeper som har gjort trioen komplett på keepersida.
- Olai, ein Hødd-gut som kom tilbake etter ei runde ute og vart fort ein viktig del av gruppa med stabilitet og hardt arbeid, uansett om han fekk spele eller ikkje. Olai går no vidare til Volda som eit resultat av eit godt samarbeid mellom klubbane. Lukke til!
- Iver, ein lokal spelar som har gått gradene i Hødd og i 2024 vore kaptein på Hødd 2 i 3. divisjon. Ein 100%-ar som no treng å spele fotball på eit høgre nivå enn 4. divisjon for å fortsette utviklinga. Vi håpar å sjå Iver tilbake på Høddvoll seinare etter at han har vore ute og fått utvikla seg vidare!
Hødd ønsker alle fire lukke til vidare!