Fokusert spelartropp før kampen mot FK Eik Tønsberg

Dette seier Marius før kampen mot FK Eik Tønsberg

Vi har vore gjennom ein spennande og lærerik utviklingsreise denne vårsesongen. Spelarane har jobba målretta med prinsippa, rollekrav, standardar vi skal ha i treningskvardagen og spelkonseptet vårt.

Vi «pusha» grenser og vi har eit felles utviklingsfokus. 

Hovudtrenar Marius Bøe. Foto: Arne Flatin
Hovudtrenar Marius Bøe. Foto: Arne Flatin

Sesongen starta med motvind. Men spelarane handterte dette på ein glimrande måte. Vi evaluerte og justerte, og vi var einig om at fokus på gode prestasjonar, ville til slutt gi oss resultat. Noko som har vist seg å stemme. Spelarane har levert gode prestasjonar, som igjen har resultert i ei flott rekke med sigrar. 

No er det ein kamp igjen av vårsesongen. Ein tøff kamp mot eit lag med ein tydeleg identitet. FK Eik Tønsberg har levert ein god vårsesong under Kjetil Kristoffersen. Han har eit lag som er vanskeleg å bryte ned, har fleire x-faktor spelarar og dei er dødballsterke. Dette er noko vi må handtere, og vi skal vere godt førebudd. 

Vi har gjennomført vår siste treningsveke denne vårsesongen. Det er god nærvære, og du ser ein fokusert spelartropp. Ingen skader, bortsett frå dei som har vore ute ei stund. 

Kallevåg er tilbake frå suspensjon og Gjerde er klar igjen etter ei lita skade. 

Kristoffer Steinset som har vore på lån frå Sogndal har reist for delta i G19 EM, som blir spelt i Nord-Irland frå 15 juli til 28 juli. Kristoffer har gjort eit kjempe godt inntrykk på oss alle her på Høddvoll. Vi ønsker han lukke til i EM. 

Ønsker dykk ein god kamp og ein riktig god sommar. På vegne av spelarane og trenarteamet takka vi for støtta dykk gir oss! Ein ekstra takk til Blåsarane. Heia Hødd ! 

Marius

Bileteserie frå heimekampane i vårsesongen

Annonse: