Før kampen: Volda - Hødd
NM kamp og folkefest i Volda venta Hødd-laget førstkomande torsdag når laga kjempar om vidare avansement i cupen. Kampstart kl. 19.00! Toppfotball
Endeleg er sesongen i gang, og før andre serierunde i PostNord-ligaen skal spelast heime på Høddvoll er det klart for cupfest i Volda.
Tidlegare oppgjer
Laga møtte kvarandre sist i 2018. Då vann Hødd 1-0 etter scoring av Eirik Franke Saunes.
I oppgjeret mellom laga i 2011 enda kampen med heile 4-1 til Hødd. Adama Diomande scora to av måla i denne kampen. På forsidebildet i saka ser vi Diomande i duell med fleire Volda-spelarar.
Volda
Hødd
- Første runde i cupen er ein folkefest kvart einaste år. Ingen unntak er det når vi møter Volda til lokaloppgjer. Vi håpar på mykje folk, god stemning, og ein underhaldande fotballkamp. Trenarar og spelarar er fullstendig klar over at cup er cup, og vi kjem til å møte eit lag som vi gjere alt for å slå oss. Volda er eit lag med fleire profilar, spelarar som Evebø, Aarflot og Marcinkevicius er viktige spelarar for heimelaget. Laget blir trena av Arild Hagen Bakke som i fleire år har gjort ein strålande jobb for klubben i forskjellige roller.
- Vi stiller ein sterk tropp til morgondagens kamp. Så det er god konkurranse om å få spele. Isak Skotheim er skada og utilgjengeleg, det same er Murray og Televik, men dette er spelarar som snart er klar til teneste igjen.
- Vi gleda oss til kamp, heia Hødd!
Kampbillett
For å kjøpe billett til kampen kan ein bruke Vipps-kode: #103915, velje Volda Fotball, kampbillett og taste inn beløpet.
Pris: kr. 100,- for vaksen og kr. 50,- for barn/ honnør/ student.
Hødd-supporterar har reservert plass under tak, og det vil vere kiosk og toalettfasilitetar tilgjengeleg under kampen. Sjå kart for parkering og inngang!
Vi ønskjer laget lukke til i NM kampen borte mot Volda!