
Fotballskule for jenter 7-12 år
I samarbeid med Generalsponsor Sparebanken Møre inviterer vi til fotballskule for jenter i alderen 7-12 år, onsdag 30. april! Fotballskule Sponsor/ samarbeidspartnar
Sparebanken Møre er ein sterk støttespelar for regionen gjennom sitt engasjement i næringsliv, kultur og idrett. No set banken eit ekstra fokus på kvinnefotballen gjennom konkrete tiltak for å styrke rekruttering og utvikling.
I samarbeid med Jan Åge Fjørtoft og lokale klubbar arrangerer Sparebanken Møre fotballskular/kick-off for jente- og kvinnefotballen.
Om Jan Åge Fjørtoft
- Tidlegare landslagsspelar med profesjonell erfaring frå fire land
- Har arrangert fotballskular sidan 1990
Bli med på ei unik moglegheit til å styrke jente- og kvinnefotballen i klubben din. Vi gler oss til ein inspirerande dag med læring, utvikling og fotballglede! Målet er og samle 100 jenter frå Hødd og naboklubbar.