Fredrik: - Det har gått betre enn forventa
Ein av fleire unge spelarar som har fått mange kampar i år er Fredrik Dimmen Gjerde (21). 2003-modellen har tålmodig vente på sjansen og har i år fått spelt mykje under Marius Bøe. Toppfotball
Før den siste seriekampen laurdag står «Freddy» med 13+8 kampar. Det betyr at han vore på bana i 21 av 25 seriekampar denne sesongen.
Vi har stilt han nokre spørsmål på tampen av ein lang sesong.
Korleis synest du sesongen har gått både for laget og for deg?
- Eg synest sesongen har gått betre enn forventa resultatmessig. Vi skjønte ganske tidleg at spelargruppa og fotballfilosofien til Marius passa veldig godt ilag. Gruppa har tatt store steg i treningskvardagen og det har gjort at det har vore enklare for meg å ta steg som enkeltindivid også. Eg føler eg har tatt store steg på det eg og trenarteamet har villa utvikla. Eg har bidratt masse i ulike posisjonar og eg synest at det har gått veldig bra, seier Fredrik.
Har du fått spele meir eller mindre enn det du trudde og håpte på i januar?
- Ein vil alltid spele så mykje som mogleg og håper sjølvsagt på det. Eg føler at Marius og Kristoffer ga meg meir og meir tillit i løpet av både oppkøyringa og i sesongen. Dette er noko eg er takksam for. Fokuset mitt i starten av året var å utvikle meg så mykje eg kunne kvar dag, uansett om ein spelar kampar eller ikkje.
Korleis ser du på 25-sesongen, OBOS-ligaen og sjansane til speletid?
- Eg gler meg til neste år. Alt blir nytt og enda betre enn det har vore i år. Eg skal igjen ha fokus på å gjere mitt beste kvar einaste dag både i trening og kamp og bidra til at vi får ein god sesong. Eg skal gjere så godt eg kan for å få spele så mykje som råd og bidra uansett kva som skjer.
Kva er planane etter siste kampen laurdag?
- Då skal laget samlast nede på hotellet ilag med resten av klubben og feire alt vi har oppnådd i år. Og spelargruppa får to veker ferie før vi skal tilbake for å gjennomføre nokre gode treningsveker før desember, seier Fredrik.
Vi ønsker Fredrik og laget lukke til i kampen mot Brattvåg!