Fysisk trenar på plass
Daniel Andre Kristiansen er klubben sin nye fysiske trenar. Daniel kjem frå Åsane kvinner der han har jobba i Toppserien dei siste åra. Toppfotball
Daniel har ein master i idrettsvitenskap og har sjølv ein tidlegare karriere som boksar på nasjonalt toppnivå.
- Eg er veldig glad for å bli ein del av Hødd. Ser verkeleg fram til å samarbeide med Marius, resten av støtteapparatet og spelarane. Klubben har eit solid grunnlag og eit stort potensial. Eg er veldig motivert for å bidra til vidare utvikling.
Marius ser fram til å få Daniel inn i trenarteamet:
- Etter ein lang og god prosess har vi endeleg klart å finne den personen vi meina har den rette kompetansen til å løfte det fysiske i Hødd. Vi er glade for at Daniel no er tilsett som ny fysisk trenar, og han blir ein svært viktig del av teamet vårt.
- Daniel kjem med ein spennande bakgrunn innan idrett og toppfotball, og har fleire års erfaring som fysisk trenar. Velkommen til klubben.
Sportssjef Jesper Törnqvist seier dette i ein kommentar:
- Fysisk trening er å blir ein viktig spisskompetanse i den moderne fotballen. Derfor er vi veldig glade for at vi får inn Daniel med sin kompetanse på området. Med meir kompetanse i teamet skal vi saman hente marginar som saman kan utgjere ein forskjell. Daniel skal også bidra med kompetansedeling i heile klubben sin utvikling.
Vi ønsker Daniel velkomen til Hødd!