G travel og Hødd Fotball har inngått samarbeidsavtale

Hødd Fotball og G Travel Partner Reisebyrå AS har inngått ein samarbeidsavtale der G Travel tek seg av klubben sine reiser dei neste tre åra.

G Travel Partner Reisebyrå AS er franchise i G Travel kjeda og har kontor i Ulsteinvik, Ålesund og Molde, og har lokale eigarar.

Dagleg leiar/ eigar Tore Andre Aurdal er glad for å få med Hødd på laget.
- I G Travel blir vi inspirert av å strekke oss mot nye mål og anstrengar oss kvar dag for å møte våre kundars ulike behov gjennom levering av innovative produkt og personleg betjening.
 

- Våre medarbeidarar er vår største og viktigaste ressurs uavhengig av om det dreier seg om Forretningsreiser, Marine og Offshore reiser, Gruppereiser, Konferansar og Event eller Fritidsreiser. Våre dyktige medarbeidarar vil hjelpe med å finne dei beste løysningane for våre kundar.

- Det er viktig for oss å bidra til nærmiljøet dei stadane vi er representert, i form av støtte til små og store idrettslag og organisasjonar.

- Vi er stolte av å få ansvaret for at reisene til Hødd går saumlaust og setter stor pris på tilliten og samarbeidet.

- Samarbeidet med Hødd er ein del av våre ambisjonar og ønske om å spele på lag med det lokale næringslivet.

Klubben ser fram til eit godt samarbeid
- Hødd Fotball er svært glade for å inngå ein samarbeidsavtale med G Travel og vi ser fram til å utvikle samarbeidet dei komande åra. Med G Travel får vi ein samarbeidspartnar som vil sikre eit godt reiseopplegget når Hødd er ute på reise dei neste åra. Tusen takk til G Travel som går inn som ny samarbeidspartnar i Hødd, seier marknad- og medieansvarleg i Hødd Fotball, André Aurvåg Gardshol.
 

Dagens kampsponsor

I forbindelse dagens heimekamp mot Sotra, er G Travel dagens kampsponsor. I samarbeid med G Travel ønskjer vi derfor alle aktørar lukke til!
 

 

Annonse: