Gler oss til å kome i gang på fredag

Kristoffer og laget er klare til å måle krefter mot Volda i årets første treningskamp.

Det er mykje kjekkare å spele kampar enn å bare trene og gler oss til kampen mot Volda på fredag (24.01.25). Vi har hatt ein bra oppkøyring og kome godt i gang som er med på legge grunnlaget fysisk sett, men også fått jobba masse med eiget spel og ha tiltru til det. Vi skal ta steget framover, presse høgt og spele fotball som går framover, fortel assistenttrenar Kristoffer Vangen Lysgård.

Kampen skal vi bruke til å jobbe med vårt eiget spel, som vi gjer kvar einaste dag. Vi skal utvikle oss og ta nye steg. Det vi ser etter i kampen er å bruke den til å danne eit bilde av eiget spel i ein spelsituasjon, med ein mentalitet der vi tørr å prøve, stå høgt og spele vårt spel, fortel Kristoffer

  • Vi skal være offansive og uredde på fredag, slik som ellers i sesongen.

Trenarstaben ønska å vidareutvikle det dei gjor bra og dårleg i fjor, implementere og formidle det til dei nye fjesa og lokale unggutane som får sjansen. Dei skal også stå i sin spelestil og vidareutvikle den fordi vi må opp eit par hakk taktisk, fysisk og teknisk no når vi har rykka opp.

Kristoffer synst det er gledeleg at Volda rykka opp, han veit ikkje mykje om dei unntatt at dei har nokon tidlegare Hødd spelarar og at dei suste gjennom 4 divisjon forgje sesong. Blir kjekt å måle krefter mot dei.

I og med at det er første treningskamp stille dei mest sannsynleg med to ulike lag og mange som skal få sjansen.

 

Annonse fra Obos-ligaen: