Halvard har signert ny kontrakt

Halvard Kvamme Urnes har skreve under på ei ny kontrakt som strekkjer seg ut 2026-sesongen.

- Eg er veldig glad for å ha signert nok ei ny kontrakt med klubben. Eit lett val når moglegheitene baud seg, då eg har veldig trua på prosjektet vi jobba med her. Ein veldig god gjeng som eg gleda meg til å fortsette å vere med, sier Halvard.

Sportssjef Jesper Törnqvist er glad for å forlenge avtalen med Halvard.

- At Halvard ønsker å forlenge avtalen med oss er veldig gledeleg og viktig for oss som klubb. Ein fantastisk spelar og person som eg trur alle i Hødd-miljøet har blitt glad i. Ein 100%ar som aldri gir seg. Vi gleda oss til reisa vidare saman!

Hovudtrenar Marius Bøe seier dette er ei viktig signering for Hødd.

- Ei viktig signering med tanke på kontinuitet og at Halvard har erfaring frå det nivået vi no skal konkurrere på. Halvard er ein lojal, hardtarbeidande og utviklingsorientert spelar. Tok store steg i 2024, og vart utover sesongen ein spelar som også var attraktiv for andre klubbar. Kjempe fornøgd med ein ny avtale!

Vi gratulerer Halvard med ny kontrakt!

Annonse fra Obos-ligaen: