Halvard har signert ny kontrakt med Hødd!
Halvard Kvamme Urnes har signert ny kontrakt med Hødd som strekkjer seg ut 2025-sesongen! Toppfotball
Hovudtrenar Marius Bøe er svært glad for å ha med Halvard vidare.
- Svært glad for at ein så god og attraktiv spelar no har forlenga avtalen sin her på Høddvoll. Dette er eit godt signal for klubb og spelargruppe at han vil fortsette her med oss. Halvard er ikkje berre viktig på bana, han er også ein flott person som bidreg til godt samhold i garderoben.
Sportssjef Jesper Törnqvist er også glad for at Halvard har signert ny kontrakt med Hødd.
- Vi er veldig glade for å ha signert Halvard med oss vidare i Hødd. Ein av norsk fotballs beste ballvinnarar og definitivt ein av PostNord-ligaens beste spelarar. Vi gleda oss til å utvikle oss vidare saman.
Halvard seier dette i ein kommentar:
- Eg er veldig glad for å signere ny kontrakt for Hødd, og gleda meg veldig til fortsettinga. Eg har veldig trua på det vi driver med her, og trivst veldig godt i gruppa og i området, så eg er veldig fornøgd med forlenginga.
Vi gratulerer Halvard med ny kontrakt og ser fram til å følge han vidare i Hødd-drakta!