Halvard: - Vi har ein tydeleg prestasjonskultur

Vi har i dag tatt oss ein prat med Halvard Kvamme Urnes i forkant av bortekampen mot Start mandag!

Halvard kom til Hødd i forkant av 2023-sesongen, og har hatt ei fin utvikling etter han kom til klubben. Den hardtarbeidande midtbanespelarane har vist at han kan prestere godt i OBOS-ligaen, og med sin store arbeidskapasitet er han også i år ein viktig brikke i årets Hødd lag.

Vi har derfor tatt oss ein prat med Halvard før bortekampen mot Start.

Eit sterkt poeng borte mot Stabæk i første serierunde, og tap mot Kongsvinger på heimebane er status etter to spelte runder i OBOS-ligaen. Kva læring kan ein ta med seg frå dei to første serierundene?

- Vi tek med oss læring frå begge kampane – det krev mykje for å ta poeng i OBOS-ligaen. Det handlar om å møte opp, trøkke til i duellane, og tørre å spele vårt eige spel.

Det blir mykje snakka om den gode treningskulturen og samholdet som er i Hødd laget. Dette er vel viktig om ein skal fortsette utviklinga, ta nye steg og prestere godt som lag i årets sesong?

- Vi er ein samansveisa gjeng med ein sterk kultur i laget, og det vil vi definitivt tene på i lengda – både som lag og individuelt. Fokuset på utvikling gjer at vi stadig tek nye steg, og vi har ein tydeleg prestasjonskultur der utvikling er viktigare enn berre resultat.

Korleis føler du sjølv du har utvikla deg i Hødd etter du kom til klubben?

- Eg kjenner at eg har teke steg både med og utan ball, og at eg har utvikla meg når det gjeld å ta ansvar for eiga utvikling sidan eg kom til Hødd.

No venta Start komande mandag, ein motstandar som har starta sesongen godt med full pott etter to serierunder. Kva blir viktig for Hødd i denne kampen?

- Det viktigaste for oss framover blir å vere tru mot oss sjølve, matche motstandaren i duellspelet, og gjere oss fortente til retten til å spele vårt spel. Når vi gjer det, veit vi at vi kan spele ut kven som helst.

Vi takkar Halvard for praten, og ønsker han og resten av laget lykke til i bortekampen mot Start! 

 

Annonse fra Obos-ligaen: